Ord for dagen - 25.05.2020 av sokneprest Eli Vatn

Vatn 25. mai. Leksjon 3 frå Lia. - av Eli Vatn

Foto: Eli Vatn

Midt ute på Lia ligg Haugane. Dei som i gamal tid markerte skilje mellom Lia og Nordåkeren. Kva har skapt dei så høge? undrar vi ved rusleturen utover. ER dei resultat av steinplukking og rydding av landet ein gong i tida. Er det vegetasjonen som har lagt jord på jord? ER det harde fjellet som stig opp?

Vi latar som om vi har myndigheit og bestemmer oss for å frede den siste. Sjølv om vi skjøner at det er mindre effektivt med slike haugar midt i åkeren. «Det er eit sagn veit du» minner han meg om. «Det skal liggja ein sølvskatt der ute i Haugane». «Tenk enn om ein hadde funnet ein slik skatt!» Slikt fortalde dei kan hende dei små når dei gjekk og plukka stein, slik trøysta dei kan hende seg sjølve der dei sleit som mest for å få endane til å møtast.

Eg minnest då vi sprang ut i haugane for å finne liljekonvall til bursdagen min i juni; var dei komne alt? Eg minnest leikane mellom trea der. Som ei øy i havet låg Haugane i leikens tidsalder. Som ei øy i havet av nysådd åker; ikkje tilkommande for den som vil få meir svar på spørsmåla våre ved rusleturen. Like godt det; då kan dei få leve - både draumane om sylv, mysteriet med opphavet og minnene frå barndomen.

Slik lever noko best, nokre forteljingar best… « Gud sa: «Vatnet under himmelen skal samla seg på éin stad! Det tørre landet skal koma til syne.» Og slik vart det. Gud kalla det tørre landet jord, og vatnet som hadde samla seg, kalla han hav. Og Gud såg at det var godt.
Gud sa: «Jorda skal bli grøn! Grøne vekstar skal gro på jorda, planter som set frø, og frukttre som ber frukt med frø i, av alle slag.» 1. mosebok 1, 9-11.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"