Ord for dagen 22.02.2021 sokneprest Eli Vatn

Med strev skal du næra deg av henne (jorda) alle dine levedagar. 1. Mosebok. 3,17.

Rogne kyrkje. Foto Saskia Aleida Van Veen

Taket på Rogne kyrkje er tekt med skifer. Kyrkja stod ferdig i 1857, i den tida utvinninga av skifer i Rogne var i opp blomstring. «Dei gav det dei åtte av mot og av styrke. Liv måtte vågast i farlege yrke.» står det på minnesmerket over skiferarbeidarane. Mest alle hus vart tekte med skifer den tida; og sjølvsagt også kyrkja. Bøndene dreiv ut skiferen i sine eigne gruver, og Valdres Skiferbrudd tok det etter kvart inn i større omfang.

Det var som minnesmerket seier eit strevsamt og farleg arbeid. Dei fekk sanne bibelens skildring av straffa som låg i at arbeidet måtte gjerast i sitt «ansikts sved». Lenge før HMS var opp funne.

Godt er det med HMS og løn som verdset arbeidet, og arbeidaren. Litt attende til paradiset kan hende? Eit paradoks likevel at vi verdset arbeidet så mykje at det i dag ikkje er lønsamt å utvinne skifer til takstein lenger. Eit paradoks som gjer at eg verdset vakre skifertak så mykje?

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"