Ord for dagen 23.02.2021 sokneprest Eli Vatn

Ting har så mange meiningar og årsaker. Nokre av dei er meir skjulte enn andre.

Lysglobe i Rogne kyrkje. Foto: Saskia Aleida Van Veen

Ting har så mange meiningar og årsaker. Nokre av dei er meir skjulte enn andre.

Rogne kyrkje er ei åttekanta kyrkje. På nettet les eg at kyrkja vart bygd åttekanta av di ein då fekk nytta tømmeret betre. Ein fekk eit større rom ved hjelp av færre og kortare tømmerstokkar enn ved andre kyrkjeformer. Ein annan grunn er at kyrkja og vart stor og oversiktleg slik at alle kunne sjå presten på preikestolen og difor godt få høyrt Guds ord.

Men det ligg og ei djupare symbols meining i kyrkjeforma. Den åttekanta forma finn vi att i mange døypefontar og gravkapell. Det er eit symbol på vegen gjennom døden til det nye livet. Den kristne verda held den åttande dagen heilag fordi Jesus stod opp på denne dagen. Dette var den fyste dagen i den jødiske veka. Jødane held sabbaten; den sjuande dagen heilag fordi då kvilte Gud etter å ha skapt verda. Det er vår laurdag.

Altså er den åttande dagen ei ny byrjing, og vi feirar oppstode, håpet og det nye livet!

Åttekanta kyrkje; ein verdi til arbeidet som er meir enn økonomi og plassomsyn. Åttekanta kyrkje; noko å kjenne på når vi sit i Rogne kyrkje og allereie her har del i det evige livet.  

Rogne kyrkje. Foto: Eli Vatn.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"