Ord for dagen 03.03.2021 sokneprest Eli Vatn

Fellesskap.

Foto Saskia Aleida Van Veen

Det er nokre år sidan; eg glir på lydlause ski åleine gjennom skog og over opnare myrer oppe ved Grindadn i Vang. Og der! - plutseleg sit ei ørn i eit tre berre nokre meter frå meg. Ho rører seg ikkje - eg rører meg ikkje. Eg har sett henne, og ho – ja ho har sett meg! Eg er den som endeleg bryt opp etter lang tid.
Fellesskap er eit grunntema i Johannesevangeliet. Fellesskapet mellom Gud – Jesus – og menneska! Eitt i kjærleiken som bind saman – som er i oss alle og difor gjer oss til eitt. Ørna symboliserer evangelisten Johannes. Mangt er tenkt om det; mellom anna oversynet som også pregar evangeliet. Men eg kom brått på at ørna kan hjelpe oss til å oppdage enda eit fellesskap: einskapen med naturen.
Når vi går rundt i naturen, kjenner stein og mose under føtene våre, vinden som kjæler med kinnet, greina som stryk over armen, fuglane som syng, kjenner og merkar vi naturen. Men enn om han og merkar oss! Enn om han sansar oss, bær oss som ei kjærleg mor bær barnet sitt, kjenner det ømt, snuser inn lukta av det! Noko Gud bruker til å vera glad i oss? Kanskje vi skulle vera litt ømmare, litt varlegare i vår omgang med moder natur.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"