Ord for dagen 05.03.2021 sokneprest Eli Vatn

Ups! ... To ord om respekt i dag.

Preikestolen i Hegge kyrkje. Foto Saskia Aleida Van Veen

Vi fekk eit år etymologisk ordbok i julegave av eine son vår. Det var moro. Å sjå kva orda kjem av kan ofte gje ei ny og meir levande forståing av ordet. Som for eksempel ordet respekt! Det er sett saman av RE og SPEKT. RE tyder igjen, om att som i re - petere. spekt kjem av spektare som tyder å sjå - altså å sjå om att. Ordet skifta frå å vera eit "smekk på fingeren ord" - med tydinga hald deg unna, dette har du ikkje noko med, til eit ord som innbyr til å bli klokare.

Eg er ein ambivalent brukar av preikestol. Eg utdanna meg til prest i opposisjon til førestillinga om ei kyrkje/prestar som krevde respekt og meir eller mindre blind lydnad. Preikestolen vart eit symbol for prestens opphøgde posisjon, og det understreka at ein som tilhøyrar berre måtte lyde. Heile motivasjonen min for å vera prest er å kunne bidra til menneskes frie møte med Gud, med det Heilage.

Eit møte som gjerne innby til å knele, men ikkje krype.

Så kva i all verda gjer eg oppe på ein preikestol! Blir sett - og ser. Ting har rett og slett praktiske årsakar og! Og eg fekk litt hjelp til å sjå ting om att då ein kyrkjetenar peika på høvet ein slik opphøgd posisjon gir til å lyfte opp!

Ja det bør ein vente av ein prest på ein preikestol; at han eller ho lyfter deg opp! Eg stiller krav til meg sjølv her, men slik er det; kryp ein opp på ein slik stol legge ein opp til fallhøgde.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"