Ord for dagen 08.03.2021 sokneprest Eli Vatn

8. mars Hjarteleg til lykke med dagen alle kvinner!

Utsnitt frå Sigmund Årseths Våren i kyrkjestogo i Hegge. Foto Eli Vatn.


Viss det er enn song eg verkeleg gjerne skulle sunget skikkelig så er det Gabriellas song. ( https://www.youtube.com/watch?v=Zqpp9ASsNfA) Songen er på same tid vakker, kjenslevar og kraftfull, Den let heile livsenergien flomme og ta plass i kvinna som syng. Bakteppet for songen er ei frigjering frå ein valdelig mann i filmen Så som i himmelen. 8. mars har handla mykje om slik nødvendig frigjering, og mange kvinner er framleis fanga i destruktive relasjonar, og treng kraft og støtte til å koma fri.

8. mars har handla om lik løn for likt arbeid, om rett og tilgang for kvinner til alle posisjonar i samfunnet, om å synes i den offentlege verda. Det har vore knyttnevar i kvinnesymbolet, kraft og kamp. Kampen er ikkje over, urettferda er ikkje utbetra. Det handlar like mykje om kvar vi lever på kloden når det gjeld generell levestandard og velferd.

Erna vil ha fleire barn! Eg skulle også gjerne sett fleire ungar springe ute og leike i nabolaget. Det betyr glede og energi, håp og framtid! Kanskje vi ikkje treng vera så redde for overbefolkninga som då eg var litt skamfull småbarnsmor?

Eg skulle gjerne sett det å få barn lyfta fram i samfunnet og gitt ei heilt anna verdsetjing. Småbarnstida er den tøffaste for svært mange familiar. Mange er slitne, overarbeidde, søvnlause i skvisen mellom arbeid og ansvar for ungar, dårleg økonomi dersom mora (eller faren) vil vera heime med den nyfødde lenger enn den tilmålte permisjonstid.

Eg skulle gjerne sett ein armada av småbarnsmødre kraftfullt marsjere fram syngande Gabriellas song med ungar på armen, i barnevogn. Med den kraftfulle kjensla at dei gjer eit prestisjefylt arbeid for dei dei er glad i – OG for landet vårt, med løn for arbeidet på linje med andre viktige oppgåver i samfunnet! Denne 8, mars syng eg Gabriellas song spesielt for småbarns mødrene!

Soknepresten har ordet.

 

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"