Ord for dagen 09.03.2021 sokneprest Eli Vatn

Å kunne ta imot! Også noko å øve på i fastetida!

Hegge kyrkje kalk og disk. Foto Saskia Aleida Van Veen

Då vi kom til verda var vi overgitt til nett det å ta imot! Etter kvart som livet går lærer vi å klare oss meir sjølve, både fordi vi klarte meir; vi lærte å gå; flytte oss utan hjelp, ete sjølv, kle på oss sjølv. Slik har vi halde på, blitt sterke og kjenner oss dugande. Men og fordi kjelda til hjelp var uforutsigbar, lunefull. Brått var dei ikkje der når vi trengde det, eller dei var sinte og utolmomdige. Då vart vi sjølvstendige på den såra måten. Kjensla av å vera dugande vart kobla med skepsis og mistru
til verda rundt oss! Det er slikt det kan bli høge skuldre og innbitte sjeler av.

Eg trur dei fleste av oss har godt av å øve på å ta imot! Kjenne varmen og godheita frå dei som vil gje. Det kan faktisk vera enklarer å øve på å gje. Då står vi ved roret, har hand om det! Å ta imot er å gje får seg litt av makta, sjølvstenda. Vi risikerer å knyte band, få varme kjensler, ta inn over oss at nokon bryr seg! Å trene på å ta imot kan kreve at ein ber om noko, viser sine omgjevnader at ein treng noko! Overraskande ofte seier folk ja til å gjere ei teneste!

Det kan og handle om å sjå! Ta imot livet som ei gåve Nokon har ynskt å gje oss. Nokon har latt grønsakene gro, nokon har dyrka og plukka bomullen, ala sauene. Sjølv om vi har arbeidd for pengar vi kunne gje til produsentane så ligg ein større Skapar og gjevar bak. Med mottageleg sinn kan vi ta imot dagen som ei gåve! Han vert ikkje dårlegare av det!

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"