Ord for dagen 30.03.2021 sokneprest Eli Vatn

Heilhjarte-måndag var eg så frimodig å døype måndag i påskeveka. Sinthjarte-tystdag vil eg kalle dagen i dag.

 Til minne om Jesus som gjekk inn på tempelplassen og dreiv ut alle som selde og kjøpte der. Han velte borda til pengevekslarane og benkene til dei som selde duer og sa til dei: «Det står skrive: Mitt hus skal kallast eit bønehus. Men de gjer det til ei røvarhòle.» (jfr Matteus 21).

Kloke menneske har sagt at sinne er reaksjonen på at det som er verdifullt for oss vert truga. Sinne er ein vanskeleg reaksjon – ofte destruktiv fordi han er så voldsom! Men det er verdt å leite bak sinnet for å finne kva er det som er truga her; kva er det av verdi som er truga?

For Jesus var det denne dagen bønehuset, huset som skulle gje ly og tryggleik for eit hjarte å opne seg i bøn; finne fred.

Lyskapellet; eit av dei bønerom som opnar døra ikkje berre fysisk men og hjartedøra. Grunna koronaen har døra vore stengd i over eit år no. Måtte ein i denne tida finne andre rom for bøn og opne hjarte.


Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på "Oppdater samtykke". Evt. klikk på "Godta alle cookies" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Øystre Slidre Kyrkjelege Fellesråd

Øystre Slidre kyrkjelege fellesråd har kontor i kommunehuset på Tingvang.

Bygdinvegen 1989, 
2940 HEGGENES

Åpningstider: 09.00-14.00

Telefon sentralbordet:  61 35 25 00

Telefon kyrkjekontoret: 61 35 25 78  

Epost: post.oystreslidre@kyrkja.no

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"