Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

Krevjande tider

Vi opplever no uverkelege dagar og kjenner på ulike kjensler, frå frykt og uro til irritasjon. For mange er det helsa som er fremst i tankane, mens for andre er det arbeidsplassen og økonomien. Det er krevjande tider.

I ei slik krisetid er det ekstra vanskeleg at vi ikkje kan samlast korkje sosialt eller i kyrkja til gudsteneste.

Det er difor viktig for oss i kyrkja lokalt her i Sunnfjord å seie at vi framleis er på arbeid og framleis er tilgjengelege, - men med dei same restriksjonane som gjeld for alle andre i samfunnet.
De kan nå oss på telefon og epost og vi vil gjere det vi kan for at de skal få svar på spørsmål og melde ynskje om samtale og forbøn.

Dei siste dagane kan det virke som vi har stengt ned alt, og mykje er satt på vent, men vi arbeider med å finne ut korleis vi kan vere til stades på ei ny måte no i denne tida.

Mykje av informasjonen frå kyrkja er felles på nasjonalt nivå og på bispedømme, men nokre vedtak vil framleis verte tekne lokalt. Då vil vi informere på sidene våre så snart vi kan. Noko vil kome her på vår felles side for Sunnfjord, medan noko kjem på dei einskilde sokna.

 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"