Førde kyrkjetun

Kyrkjetunet ligg like ved kyrkja i Kyrkjevegen 23F, med god tilkomst og stor parkeringsplass. Huset har lokale av høg standard som er veleigna til ulike samkomer som konferansar, møte, familiesamankomstar, minnesamvær, dåp, konfirmasjon, åremålsdagar osv. Vi tilbyr servering eller utleige av kjøkken dersom leigetakar ønskjer det. Huset er tilrettelagt for rørslehemma.

Førde kyrkjetun

Frå 1. januar 2021 vart Stiftinga Førde Kyrkjetun overført til Førde Sokn. Stiftinga er oppheva, så no er det Førde Sokn som eig Førde Kyrkjetun. I praksis vil vi fortsette som før, med dagleg leiar og husstyre, drifta av huset blir som før.

Følg oss gjerne på Facebook.

 

Utleige av kyrkjetunet

Plan 1
Amfiet: ikkje ledig for utleige, faste leigetakarar.
Briljanten: Forsamlingslokale med sittjegrupper, med plass opp til 50 personar, alt etter møblering.
Kjøkken: Lite, enkelt kjøkken med oppvaskmaskin og kjøleskåp. Enkelt utstyrt.

Plan 2
Safiren: Konferansesal/selskapslokale av høg standard med ca.100 sitjeplassar. Det kan opnast til to ekstra salar, totalt 175 personar.
Biblioteket: Bokutstilling, lokale til mindre samlingar, inntil 50 personar.
Ametysten: Mindre rom, inntil 30 personar.
Kjøkken: Fullt utstyrt moderne kjøkken, med kjølerom og oppvaskmaskin. Dukar til utleige.

Plan 3
Smaragden: Undervisningsrom med ca. 35 plassar. Tavle og overhead.
Bergkrystallen: Møterom med ca. 12-20 plassar.

Ta kontakt for bestilling eller tilbod.

 

Kurs/konferanse
Vi har lokalar for utleige til kurs og konferansar.
Obs! Utleigar er ansvarleg for å følgje gjeldande koronarestrisjonar. Reglar om avstand og gjer at det kan vere plass til færre en angitt her.

Safiren: Konferansesal / selskapslokale av høg standard med ca.100 sitjeplassar. Det kan opnast til to ekstra salar, totalt ca 175 personar (kino oppsett).
Biblioteket: Bokutstilling, lokale til mindre samlingar, inntil 45-50 personar.
Ametysten: Mindre rom, inntil 24 personar.
Smaragden: Undervisningsrom med ca. 25-30 plassar.

Projektor og lerret tilgjengeleg, avtalast på forhånd.
Safiren har høgtalaranlegg med teleslynge.
Trådlaust internett/wifi tilgjengeleg.
Lokala kan leigast med eller utan servering. Dagpakke med lunsj eller rundstykker, frukt eller kaker?

Ta kontakt for bestilling eller tilbod.


Førde Kyrkjetun er basert på dugnadsarbeid/frivillige
Vi har pr. i dag mange frivillige men har alltid bruk for påfyll av engasjerte menneske som har lyst til å bidra med dugnad.

Dugnaden kan bestå av: dekking, rydding, oppvask, servering, vasking osv., smøring av rundstykker/snittar og anna enkel matlaging.

Har du litt tid til overs og har lyst til å være med? Dugnaden vil foregå både på dagtid og kveldstid.
Det er og sosialt å være med 🙂 kaffikopp tar vi oss alltid tid til.

Ta kontakt om du vil være med, om du er usikker er det lov å prøve. Kom gjerne innom!

 

Gjevarteneste
Drifta av huset er basert på leigeinntekter, utleige, fast gjevartjeneste og ikkje minst dugnad. Vil du støtte oss? 

Det er eit samla skattefritak for gåver frå kr 500,- til kr 25 000,-. Meld inn til oss ditt fødsels- og personnummer for å få gåva inn på skattemeldinga.

Førde sokn sin konto: 3705.15.33896.
Denne må merkast "Gjevarteneste Førde Kyrkjetun".
Ei stor takk til alle som bidreg med faste gåver.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"