Fram frå gløymselen!
På soknerådsmøtet i Haukedalen den 19.januar hadde soknerådsmedlem Nils Gjerland med seg ei overrasking. Ei gåve til kyrkjelyden. Under rydding i heimen hadde eit gamalt fat dukka opp, og fatet syner seg å vere dåpsfatet frå den fyrste kyrkja i Haukedalen. Fatet har årstalet 1787 stempla inn i botnen. Vi gler oss til å finne ei egna plass til fatet og til å lære meir om kyrkja i dalen. Takk til Gjerland som returnerer fatet til kyrkja! -- Tekst og bilete: Ingvald Andersen Frøyen
