Sorggruppe – for deg som har mista ein som stod deg nær

Sorggruppe er eit tilbod til deg som har mista ein nærståande. Støttegruppa vil vere ein stad der du kan dele tankar og erfaringar med andre som opplever liknande situasjon. Ein stad der sorg og sakn kan få plass – men også håp og livsmot

Det er tilbod om sorggrupper to gonger årleg under føresetnad av nok påmelde. Gruppesamlingane vektlegg erfaringsdeling, men kan også ha faglege innlegg.


Ei sorggruppe består vanlegvis av 4–8 personar som møtast 6 gonger. Sorggruppa vil verte leia av fagpersonar.

Tilbodet er gratis.

Gruppesamlingane vil vere kvar andre veke kl. 18:30–20:00
Oppstart: tysdag 29.9.2020
Stad: Lærings- og meistringsenteret Vievegen 1. Førde (ved Rema 1000)

Arrangør: Helse Førde, kyrkjene i Sunnfjord kommune og Sunnfjord kommune.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"