Du og eg – elska og hugsa!

I advent tida heng me opp stjerne i glaset. Då førebur me oss til Jul. Det har vore nokre stjerneklåre netter no i adventida. Eg er slik at når eg løfter blikket mot stjernene blir eg litt filosofisk og dei store spørsmål arbeider i meg. Et står under same stjernehimmel som gjetarane sov under. Under same stjernehimmel som Kong David stod og undra seg over: ”Når eg ser din himmel…- kva er då eit menneske – at du hugsar på det – eit menneskebarn – at du tek deg av det?” Under den same stjernehimmel som far min, besteforeldra mine, oldeforeldra mine, mine ukjente slektningar som no er gløymde av oss, men ikkje av Gud – ja, same stjernehimmel som dei vise frå austerland følgde.

Du og eg – elska og hugsa!

Stjerna minner om den store samanhengen, frå opphavet då Gud skapte alt ved sitt Ord – lovnaden til Abraham for fleire tusen år sidan om at i han skulle alle slekter velsignast – og til Jesus som kom slik profetane føresa. Likevel var det ingen som venta han i Betlehem den natta. Anna enn Maria og Josef. For frå stjerna og dei store, lange linjer blir alt fletta saman og samla i dette vesle barnet som låg i ei krubbe i Betlehem. Då er vi heilt, heilt nære.

No har vi lese juleevangeliet om då Jesus vart fødd. Kvifor hugsar vi stadig på denne forteljinga som er så viktig at den vart eit nullpunkt i heile historia: Før og etter! Kvifor er dette barnet så viktig? Kva var det Jesus kom med som er så viktig?

Jo, han kom med ein god bodskap frå Gud. Om at vi, du og eg, så små vi enn kjenner oss når vi står og kikkar opp mot stjernene, er viktige! Vi er elska og hugsa på! Vi er ikkje åleine på ei lita klode som svevar rundt i mørkret, vi er kjent av Gud! Kosmos bryr seg ikkje og kan ikkje elske. Men Gud bryr seg og han elskar. Han som har lete slekter koma før han har henta dei tilbake til seg. Bodskapen til Jesus er at vi er elska. Og at vi skal elske kvarandre! Det er ein kjærleiksbodskap!

Gledeleg jul!

Soknepresten i Gaular

 

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"