«Du må’kke komme her og komme her!» …

I to dagar levde dei i den tru at dei hadde rett. Øvstepresten, mange av prestane, dei skriftlærde og farisearar: Jesus var skuldig i blasfemi. Alt det forvirra pratet om at han var Guds son, alt han hadde sagt om Guds rike, alt han hadde sagt om sin eigen posisjon og makt – langfredagen hadde ein gong for alle bevist at han var ein bedragar! Gud greip ikkje inn og redda denne sokalla «Menneskesonen» sin. Sjølvsagt ikkje. Det var tvert om eit kolossalt nederlag for Jesus og alle som følgde han. Men makan til problem han hadde laga! Fattigfolk, syndarar, sjuke og all slags pakk hadde søkt trøyst hos han og høyrde meir på han enn på dei!! Men no var det over:

«Du må’kke komme her og komme her!» …

- «Krossfest! Krossfest!» No kunne dei slappe av. Øvsteprest, skriftlærd og farisear hadde fått tid til å senke skuldrene att, trekke pusten og sjå framover til at dagane skulle normalisere seg. Problemet løyst!

For:
«Du må'kke komme her og komme her
Du må'kke komme her og komme her
Du må'kke komme her og tro at du er no til kær
Du må'kke komme her og komme her»

Øystein Sunde sitt treffande refreng kling i øyrene mine. Også verset som St. Peter – mange har erfaring av at kyrkja har misbrukt makt. «Du må’kke komme her og komme her.»

Men Jesus stengde ikkje ute. Bodskapen hans var kjærleik og livet han levde var inkluderande og raust. Han deltok på festane der folk var, opna opp for og kalla dei «vener», også dei som så ofte hadde kjent på avmakt i møte med overmakt.

I to dagar levde makta i den tru at dei var ferdige med Jesus. Men så byrja rykta å gå. Rykte så grenselaust fantasifulle at det var ikkje til å tru: Jesus var oppstått frå dei døde!

Ein skulle tru at eit slikt rykte var lett å avfeie som galskap! Men nei; dette skrekkelege rykte spreidde seg utover!

– Og då: Så innmari irriterande at grava faktisk var tom! Det hadde vore så enkelt å opna grava, peika på den døde kroppen til Jesus og sagt: «Sjå, her ligg han! No må de slutte med dette tullete pratet!» Men det kunne dei altså ikkje.

- Rart det der med grava, i grunn. Det med at lik-kleda låg att. For om nokon hadde teke kroppen til Jesus… - kvifor kledde dei av han først og drassa rundt på ein naken, død mann?? …!!!

Rykte om at Jesus hadde stått opp att var ikkje til å stoppe. Truleg vart det så mange som oppsøkte den tomme grava at makta ikkje såg anna løysing: Dei knuste grava fullstendig! Med makt! Eit romersk gudetempel vart bygd i staden for. Med makt! Ein effektiv måte å få slutt på denne vandringa til grava på. Men same kva dei gjorde, så var det ikkje til å stoppe: Rykte om at Jesus levde og viste seg for mange, mange.

No i påska bli me minna om at kristen tru ikkje handlar om ein opphøgd, fjern Gud som seier: «Du må’kke komme her og komme her!» Heile påskeforteljinga er om ein Gud som verkeleg veit og fekk kjenne på kor urettferdig og håplaust livet kan vere. Kristen tru handlar ikkje om fråvær av det som er vanskeleg, men om eit nærvær i lidinga.

Me veit at livet kan vere urettferdig. Me veit at mykje av det vonde som skjer kan opplevast meiningslaust. Det er urettferdig at Jesus vart dømd til døden uskuldig. Den opplevdes meiningslaust at han vart krossfesta berre 33 år gamal. Men Jesus sjølv var tydeleg på at i dette tilfellet var det ikkje meiningslaust.

«Ingen har større kjærleik enn den som gjev livet sitt for venene sine». Seier Jesus. Jesus tenkte på alle dei han hadde møtt. Dei som følgde han. Dei som hadde vore før. Og alle som skulle komme etterpå – det er oss i dag. Han meinte me var verdt det!

- Og ja. Me er framleis fattige på mange vis. Og ja, me er framleis syndarar me som klynger oss til Jesus i tru. Mang ein røvar ber framleis om at Jesus må hugse på ein i sitt rike. Vi trur på Jesus, at han er nær oss, midt i det som skjer anten det er medgang eller motgang. Og at når vi eingong står ved perleporten, så skal vi ikkje møte: «Du må’kke komme her og komme her!» Men:
«Sanneleg, sanneleg, eg seier deg: I dag skal du vere med meg i Paradis!»

 

 

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"