I kyrkja takkar vi for alt det gode som veks fram om hausten, syng ilag og høyrer forteljing.
Under gudstenesta vil du som er 5 år også få ei overraskingsgåve frå kyrkjelyden.
- Speidarane fyrer opp bålpanne og har litt aktivitet for heile familien.
- Det vert servert saft og kaffi.
- Utloddning til speidarane sitt prosjekt i Ukrania.
- Ta med sitjeunderlag/stol.
- De kan ta med grillmat, om ynskje om grilling.
- Alle er hjarteleg velkome til å delta på gudstenesta og aktivitetar,
Inviter med dykk faddrar, familie og vener.
Vel møtt!
---
Den nye speidarplassen ligg ca.300m frå Skei barnehage, bak byggefeltet Ospene.
Om de ikkje finn fram, kan de kan møte opp ved Skei barnehage kl.10:45,
så vil nokon møte dykk og fylgje dykk til speidarplassen.
Påmelding
Vi ynskjer å vete kor mange 5-åringar som kjem. Difor fint om de kan sende ein påmelding på
e-post innan torsdag 15. september til silje.sorebo@sunnfjordkyrkja.no eller
sms 473 99 492.