Inga jul utan husvask , baking og pussing av sølv!?

Gjekk du glipp av gudsteneste sundagen som var? Her kan du lese bibelteksten for 3.sundag i advent og ei preike som vart halde av ein av prestane i Sunnfjord kommune. Denne gongen er det sokneprest i Naustdal Rigmor Frøyen.

hjarte som er laga av barn i Vevring, gode ord som skape noko, spreie noko godt

Søndagens preiketekst: 2.sundag i advent    Naustdal kyrkje 13.desember.

7.I flokk og følgje drog folk ut for å bli døypte av Johannes, og han sa til dei: «Ormeyngel! Kven har lært dykk korleis de skal sleppa unna den vreiden som skal koma? 
8.Så ber då frukt som viser at de er omvende! Prøv ikkje å seia til dykk sjølve: ‘Vi har Abraham til far.’ For eg seier dykk: Gud kan vekkja opp born for Abraham av desse steinane. 
9.Øksa ligg alt innmed rota på trea; kvart tre som ikkje ber god frukt, blir hogge ned og kasta på elden.»
10.«Kva skal vi då gjera?» spurde folket.
11.Han svara: «Den som har to kjortlar, skal dela med den som ingen har, og den som har mat, skal gjera det same.» 
12.Det kom òg nokre tollarar og ville bli døypte. Dei spurde: «Meister, kva skal vi gjera?»
13.«Krev ikkje inn meir enn det som er fastsett», svara han.
14.«Og vi, kva skal vi gjera?» spurde nokre soldatar. Han svara: «Truga ikkje pengar frå nokon med vald eller falske skuldingar, men ver fornøgde med løna dykkar.»
15.Folket gjekk no i venting, og alle tenkte i sitt hjarte: Tru om Johannes kan vera Messias?
16.Då tok han til orde og sa til dei alle: «Eg døyper dykk med vatn. Men det kjem ein som er sterkare enn eg, og eg er ikkje eingong verdig til å løysa sandalreima hans. Han skal døypa dykk med Den heilage ande og eld. 17.Han har kasteskovla i handa for å reinsa kornet på treskjeplassen. Kveiten skal han samla i låven sin, men agnene skal han brenna med eld som aldri sloknar.» 18.Dette og mykje anna la han folket på hjartet når han forkynte bodskapen for dei.

Luk 3,7-18

 


Inga jul utan husvask , baking og pussing av sølv!?

Eg veit ikkje kor mange som framleis driv med full nedvask av huset før jul. Heldigvis er det mange som har låge skuldre på det området.
Eg vaks opp med at tak og veggar skulle vaskast, skuffer skulle ryddast og sølvtøy vart grundig pussa. Eg har gode minner frå barndomens jul.
Den gode kjensla når huset lukta reint, det var rydda heilt innerst i skapet; sjølv om det ikkje var så synleg for eventuelle gjestar som kom innom. Var det nødvendig? Jula kom den gong som no, uansett. Så det var kanskje ikkje nødvending. Men rydding og reingjering er nødvendig innimellom.

3.søndag i advent vert gjerne kalla for «botens adventssøndag.» Ein dag for oppgjer, rydding, og førebuing.
Johannes døyparen kan samanlikast med ein som vil gjere reint, rydde, koste, reinske opp, lufte ut. Han banar veg, ikkje for seg sjølv, men for ein annan. Adventstid handlar mykje om å handle på butikk. Johannes utfordrar oss til ein annan form for handling.
Aktiv handling retta utover, til det gode for andre. Og eg trur det er mange som også brukar adventstida til akkurat dette.
Johannes blir omtalt som litt original, Det blir sagt at han gjekk kledd i kamelhårskappe , åt grashopper og vill honning, og heldt til i øydemarka. I dag ville han kanskje blitt kalla ein «bygde-original.»

Lat oss tenkje oss at Johannes kom innom oss her i dag, og vi fekk slå av ein prat med han.

Kvifor er du kledd slik, - eg vil seie- i litt spesielle klede- Johannes?

Eg liknar nok på dei som vart kalla profetar i gamle dagar, det vil seie i veldig gamle dagar, Dei gjekk ofte kledd i lodne kapper. Profetane var bodberar.
Til tider heldt dei seg litt for seg sjølv, og var ute i øydemarka, for å søkje råd frå Gud.

Eg syns du er litt streng i måten du snakkar til oss på? Ormeyngel Det er ikkje dagledags tale akkurat. Har du ikkje tenkt på at du skremmer folk med sånne ord?

Ja, eg er kanskje litt streng. Men det er jo ofte sånn at ein må setje det litt på spissen, røske litt i folk, få dei til å vakne litt. Eg vil jo at folk skal rydde plass, ikkje berre rydde hus og ordne og pynte. Men også rydde plass inni seg. Men eg ynskjer ikkje å jage folk bort!

Men kva tenkjer du på, når du snakkar om det å bere frukt ?

Kva frukt kjem på eit epletre? Epler, ikkje sant? Eller eit pæretre . Pærer sjølvsagt. De veit kva som er rett og sant, trur eg. Å dele med andre, gjere godt mot andre.
Ikkje berre tenkje på seg sjølv, sjå den som blir mobba, vere ein god ven. Gjere jobben din på ein ærleg måte; spre det gode!
Det er mykje snakk om farleg smitte no for tida.
Eg snakkar om alt det gode som kan spreie seg, som kan endre liv, forplante seg. Lat det få rom inni hjarte, skape varme- og spre seg ut i kroppen, så folk kjem seg til aksjon, til handling.
Det er mykje som ikkje er lov for tida, men omsorg kan visast på mange måtar.
Det er god frukt. Eg seier ikkje at det er lett! Eg har høyrt rykter om at dagens konfirmantar har ein slag perlekrans, og at i den kransen er det ei ørkenperle. Det kan eg like!

Å leve i ørken kan vere tungt. Ørkenreise seier vi av og til. Noko vi må streve litt med. Det er mykje vi vil som vi ikkje heilt fiksar. Ørkenperla seier at vi kan få begynne på nytt. Prøve igjen. Det å bli møtt med nåde, når vi kjenner oss mislukka , det er ein god bodskap.

Desse sandalreimane du snakka om , kva har det med saka å gjere?

Der eg bur, går dei fleste i sandalar. Ofte er det tenarar som hjelper til både med å vaske føter, og ordne sandalane. Jesus er mykje større enn meg; eg kjenner meg berre sååå liten samanlikna med han. Så eg kan ikkje eingong løyse sandalreimane hans.

Men det kjem jo så masse folk til deg, dei står i kø for å bli døypt av deg. Det ser jo ut til at du er ganske populær då. Så du kan no ikkje vere så veldig liten og beskjeden?

Nei du har litt rett. Eg har fått i oppdrag å rydde veg, peike på Jesus. Når folk blir døypte, så er det som å vaske bort alt det som har gått galt, og dei vil starte på nytt. Så når eg er litt streng i orda mine, så er det litt sånn som de seier no til dags: Liv og lære må henge i hop.

Men eg skal peike på Jesus som er Guds lam, Guds son, som kjem for å vise oss ein annan veg, nådens veg. Det er han eg vil peike på!
Vi er forresten i slekt, eg og Jesus, kan ikkje la vere å nemne det… mødrene våre, Elisabet og Maria, dei møttest då dei var gravide, og fann glede i å vere saman.. Mora mi , Elisabeth, trudde jo ikkje at ho kunne får barn. Men det er jo ei annan historie

Det er no ikkje heilt ei anna historie. Vi skal snart feire Jesu fødsel, så eg synst det er ganske godt poeng å nemne Maria! Vi har faktisk tent 3 lys , og julehøgtida er ganske nær.

Tenk det. Juleevangeliet skal forteljast i år også, endå så gamalt det er. Eg blir varm i hjartet når eg tenkjer på det. Verda treng håp midt i pandemien. Lyset skin i mørkret! Lat lyset frå Jesus skine i dykk- og la det lyse for heile verda! Betre å hjelpe ein som frys, eller ein som er einsam, enn å ha 7 kakeslag i boks, meiner no eg. Eller begge deler går også fint. Då kan du jo dele kaker med naboen også.

Johannes, takk for besøket, kanskje vi kan avrunde no, du veit jo at det kan bli for mange ord av og til- sjølv om det er kloke ord

Det kan du har rett i . Det gjeld å stoppe i tide!
Velsigna adventstid !

I mørket ved vår side står, han som steg inn i våre kår. Hvert advenstlys skal minne om, at Jesus Lysets Herre kom.
Norsk salmebok nr 18, vers 2

 

Bilete:hjarte som er laga av barn i Vevring, gode ord som skape noko, spreie noko godt

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"