Bispevigsling i Bergen 16. April 2023

Det var ei stor oppleving å få vere med på bispevigslinga i Bergen på Søndag 16. April. Mykje kan seiast om den hendinga. Både ordføraren i Bergen Linn Kristin Engø, kyrkjerådet sin direktør Kristin Gunleiksrud og statsråd Kjersti Toppe understreka det historiske ved at ei kvinne no er valt og innsett som biskop i Bergen.

Prost og soknerådsleiarar var invitert til vigslingshelga

Den første biskop i bispedømmet si historie som kan førast attende til Selja i 1068. Ei historisk hending og den lokale kyrkja ønskte det og stemte fram dei tre kvinnelege kandidatane i si stemmegjeving.» Preses Olav Fykse Tveit understreka dette då han sa: «I dag blir linja frå dei første kvinner som vitna om den tomme grava trekt vidare hit til dette rommet. Vi har deira namn. No går ditt namn inn i rekkja av biskopar som har hatt ansvar for at kyrkja er apostolisk, i tydinga at ho er sendt til verda med budskapet: Jesus lever og kjem til oss!» 

Prost og soknerådsleiar var invitert til vigslingshelga og frå Sunnfjord prosti deltok: Sissel Sørebø frå Bjordal og Ortnevik sokn, Linda Ølmheim frå Hyllestad sokn, Astrid Årdalsbakke Feldt frå Helgheim sokn, Ingvil Førde Torvanger frå Kinn sokn og Irene Muren Knapstad frå Ålhus sokn, Prost i Sunnfjord Knut Magne Nesse, Bjørn Harald Haugsvær frå Førde sokn, Bjarne Horsevik frå Gaular sokn, Jostein Gryte frå Askvoll sokn, Sturla Bell Fossen frå Kyrkjebø sokn og Jacob Nødseth, representant for Vestland Venstre.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"