Velkommen til julegudstenester

Påmelding og tildeling av sitjeplass: Vi vil ha opne kyrkjer i jula og feire høgtida med gudstenester.  Men vi kan kun ha 50 deltakarar, og du som kjem til kyrkja skal få tilvist fast plass der du skal sitje under arrangementet.  Som tidlegare må vi ha namn og telefonnummer på dei som er til stades, og no må vi i tillegg ha dokumentert kvar i kyrkjerommet den enkelte sit.  Dette av omsyn til eventuelt smittesporingsarbeid.

Velkommen til julegudstenester
Oversikt på aktuelle julegudstenester med tid og stad finn de her på heimesida.  I nokre av kyrkjene er det fleire gudstenester, men i ein kortare versjon.
 
I julehøgtida er det mange som ynskjer å ta del i gudstenester, men avgrensing til 50 deltakarar må vi respektere. For å få avklara med den enkelte om det er plass, legg vi opp til påmelding til gudstenestene julafta og delvis også 1.juledag.  Dette skjer via denne heimesida vår.  Her leitar de opp den aktuelle gudstenesta de vil delta på, klikkar på lenke for påmelding,  og skriv inn namn på samtlege de vil melde på frå eigen hushaldning, og eit telefonnummer. Slik håpar vi å unngå at folk møter opp utan at det er ledig plass.  For Holsen og Haukedalen skal de ringe oppgitt telefonnummer for å melde dykk på – sjå informasjon på aktuell gudsteneste.
 
Munnbind
Dersom det ikkje går å halde minst 1 meter avstand i alle retningar, er det påbudt å ha på munnbind under heile arrangementet. Kravet til 1 meter avstand gjeld ikkje mellom personar i same husstand. Barn under 12 år treng ikkje ha munnbind.  For å få plass til flest mogleg vil vi i nokre av kyrkjene bruke alle benkene.  Sjølv med eit «ledig sete» mellom hushaldningane, så blir det ikkje 1 meter avstand, og munnbindet må vere på.  Uavhengig av kor romsleg kyrkjerommet er, så må alle bruke munnbind når ein kjem og får tilvist plass, og når ein forlet kyrkja.  Det er vanskeleg å konsekvent sikre minst 1 meter avstand.
 
Takk for samarbeidet! Vi ynskjer deg ei velsigna julehøgtid!
Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"