Kan eg gå i kyrkja no?

Lurer du på kva som er mogeleg å gjennomføre av planlagte seremonier som dåp, konfirmasjon, bryllup og gravferd? Kor tid kan vi samlast til gudsteneste igjen? Råd og retningslinjer kan endre seg fort. Slik er situasjonen den 7. mai 2020:

Kan eg gå i kyrkja no?

Gudstenester 
Det blir gradvis og kontrollert opning av gudstenester i Bjørgvin bispedøme.  Det blir maks 50 til stades, og i mindre kyrkjebygg vil avstandsregelen overstyre maks-tal. Der det er planlagt dåpsgudstenester vil desse gå som planlagt, men dei vil berre vera opne for familiane det gjeld. Tidlegare kunngjorde gudstenester vil framleis kunne bli endra eller avlyste i denne perioden.

Vi vil fortsette med å leggje ut korte videoar her på nettsidene våre og på Facebook, og kvar veke kan du lese søndagstankar frå ein av prestane våre med lenkje til søndagens bibeltekst.

NRK har som vanleg gudstenester på radio, desse går for tida også på NRK 2 - TV.

Er du på Facebook, kan du gjerne følgje nokre av desse sidene for å få med deg det som skjer:

https://www.facebook.com/dennorskekirke/

https://www.facebook.com/bjorgvinbispedome/

https://www.facebook.com/Førde kyrkje

https://www.facebook.com/Gaular.kyrkja.no

https://www.facebook.com/kyrkjeneijolster

https://www.facebook.com/naustdalkyrkja

Dåp
Dåp vil kunne gjennomførast som eiga samling med næraste famile til stades, men maks. 50 personar og med gjeldande reglar om avstand og ut frå omsyn til smittevern og lokale forhold. For å melde dåp, ta kontakt med din lokale kyrkjelyd.

Konfirmasjon
Vårens konfirmasjonsgudstenester blir utsett til hausten. 

Vigsler
Vigsler (bryllup) kan gjennomførast med dei næraste til stades, på same måte som ved andre kyrkjelege handlingar.

Gravferd
Gravferd kan gjennomførast i kyrkjer og kapell med næraste pårørande til stades. Både inne og på gravplassen skal det vera maks. 50 pårørande som skal ha minst ein meter avstand mellom kvarandre.

Sjå også Bjørgvin bispedøme si nettside.

Kyrkjekontoret
Kyrkjekontora i Sunnfjord er stengt for publikum.
Du kan nå oss på telefon som vanleg. Sentralbord: 57828180.

Andre aktivitetar
Det meste er satt på vent no, også i kyrkja. Vi følgjer dei nasjonale retningslinjene og gleder oss til å starte opp at når det er trygt å gjere det.

______________________________________________________

Du skal ikkje gå inn i kyrkja dersom du

  • har symptom på luftvegsinfeksjon, som rennande nase, feber, sår hals, hoste eller pustevansker.
  • har vore i kontakt med nokon som har fått stadfesta Koronavirus-smitte.
  • det er mindre enn 14 dagar sidan du kom til Norge frå utlandet. 

Inne i lokalet skal følgjande reglar følgjast:

  • Ikkje fleire enn 50 deltakande, som sit med minst 1 meters avstand.
  • Unngå handhelsing, omfamning eller på annan måte ha direkte kontakt med andre.
  • Host i papirlommeduk (kast i søppel etterpå), host i albogekroken om du ikkje har lommeduk. Vask hendene etterpå.
  • Syt for god handhygiene elles. Alt dette for å hindre smitteoverføring.

Kyrkjeverja og kommuneoverlegen i Sunnfjord kommune
Ved spørsmål sjå: sunnfjord.kommune.no, FHI.no, helsedirektoratet.no, helsenorge.no eller ring informasjonstelefon for koronaviruset 81555015.

______________________________________________________

VI SKAL MØTAST
Vi skal møtast
når dette er over,
ved eit bord
i ein smekkfull kafé,
i ei kyrkje,
i midtgangens vrimmel
mot Guds alter
og det som skal skje.
Vi skal feire
Og syngje
og le.

Vi skal gje til kvarandre
eit løfte,
at vi møtast
når vegen er gått.
Når det mørke og vonde er bak oss
Når den prøva vi fekk,
er bestått,
skal vi dele det svar
vi har fått.

Men alt no
veit vi svaret,
vi veit det.
Det å elske kvarandre
er alt,
bere bører når ein har for mykje,
halde oppe
når nokon har falt.
Til å elske,
til det
er vi kalt.

(Tekst: Hans Olav Mørk, 14. mars 2020
Omsetjing til nynorsk: Silje Sørebø)

 

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"