Ledig 100% stilling som kyrkjegardsarbeidar

Kyrkjegardsarbeidar i Gaular sokn – 100% fast stilling. Frå 1.1.2022 har vi ledig stilling som kyrkjegardsarbeidar i Gaular sokn. Kyrkjegardane har alle eit forhold til, og det er av stor betydning at desse er velstelte og at det er ein stad der besøkjande opplever det er godt å vere. Arbeid på kyrkjegardane er difor eit viktig samfunnsoppdrag. Kyrkjegardsarbeidar har varierte oppgåver knytt til drift, tilsyn og vedlikehald av Viksdalen kyrkje, Sande kyrkje og Bygstad kyrkje, og dei tilhøyrande gravplassane. I tillegg kjem gravplassen på Hestad. Ved behov er det også aktuelt å gjere oppgåver ved andre kyrkjer/gravplassar i kommunen.

Ledig 100% stilling som kyrkjegardsarbeidar

Arbeidsoppgaver
Sikre god og forsvarleg drift av kyrkjegardane
Tilsyn/vedlikehald av soknet sine bygg
Opning og lukking av grav ved gravferder
Kyrkjetenar i kyrkja ved gravferd
Formidle sal av gravminne
Arbeid ved andre gravplassar og kyrkjer i kommunen ved behov.

Kvalifikasjoner
Ynskjeleg at du har eit fagbrev i eit relevant yrkesfag,
t.d maskin, tømrar, røyrleggar, gartnar

Du er praktikar med brei erfaring
Du har førarkort klasse BE
Du må kunne bruke minigravar
Du kan snakke og skrive norsk

Personlige egenskaper
Du har blikk for å sjå smått og stort av oppgåver som må gjerast.
Du trivest med fysisk arbeid, og å jobbe ute
Du er initiativrik og sjølvstendig og har god gjennomføringsevne.
Du kan planlegge eigen arbeidsdag og nytte tida godt
Du kan møte besøkjande på gravplassen og i kyrkja med respekt
Du har stor vilje og evne til samarbeid
Du er fleksibel og løysingsorientert

Vi tilbyr
Løn etter gjeldande tariffavtale for kyrkjeleg sektor, avhengig av ansiennitet og kompetanse.
Pensjonsordning gjennom KLP, med 2% trekk av løna som pensjonsinnskot.
Eigen bil til bruk i arbeidet
Samarbeid med dei andre kyrkjegardsarbeidarane i organisasjonen
Eit kollegium med rundt 40 medarbeidarar i fellesrådet.
Høve til å påvirke og forme eigen arbeidskvardag.

Oppmøtestad : Sande kyrkjelydshus/Gaular kyrkjekontor.

Send søknad med attestar og vitnemål i Webcruiter.

Sjå heile stillingsannonsen og søk jobben her.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"