Ledig stilling som kyrkjelydspedagog

Vi har ledig ei spennande stilling som kyrkjelydspedagog i Sunnfjord, knytt til kyrkjelydane i Naustdal, Jølster og Gaular. Her er det høg oppslutnad om dåp og konfirmasjon, med årskull på mellom 20 og 40 born. Kyrkjelydspedagogen får rike mogelegheiter til å drive trusopplæringsarbeid i gode kyrkjelydshus og kyrkjer. 100% fast stilling. Søknadsfrist: 1. juni

Ledig stilling som kyrkjelydspedagog

Sunnfjord kommune med sin vakre og storslåtte natur har eit samla folketal på rundt 22.000 med Førde som eit naturleg kommunesenter og med langstrakte og levande bygder rundt – fleire av dei med vekst i folketalet.

I Sunnfjord kyrkjelege fellesråd er det 6 sokn, 10 kyrkjer, 35 fellesrådstilsette og 7 prestar. Kyrkjelydspedagogen blir del av eit stort og kompetent arbeidsmiljø med prestar, pedagogar, diakonar, andre tilsette og frivillige. 

Stillinga er nyoppretta, men skriv seg frå delstillingar i dei aktuelle kyrkjelydane.

Arbeidsoppgåver

  • Planlegging og gjennomføring av eksisterande og nye tiltak i trusopplæringsarbeidet
  • Delta i nokre av dei kontinuerlege tilboda for born i sokna, og sjå på moglegheita for å starte opp nye tilbod
  • Hovudvekta av arbeidet er retta mot mellomtrinnet, men det kan og vere aktuelt med noko klubbarbeid for mindre born, og deltaking i konfirmantarbeidet

Kvalifikasjonar

  • Relevant høgare utdanning med vekt på kristendom og pedagogikk 
  • Realkompetanse kan erstatte formell utdanning
  • Erfaring frå, og interesse for, arbeid med born og unge
  • God skriftleg og munnleg kommunikasjonsevne
  • Krav om medlemskap i Den norske kyrkja 

Personlege eigenskapar

  • God formidlings – og samhandlingsevne i møte med born
  • Evne til å skape engasjement, bygge tillit og etablere gode relasjonar
  • Evne til samarbeid og teamtenking
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og målretta
  • Erfaring frå frivillig kyrkjeleg arbeid

Vi tilbyr

  • Løn i samsvar med avtaleverk for Den norske kyrkja 
  • Pensjonsordning gjennom KLP, med 2% trekk av løna som pensjonsinnskott
  • Eit godt fagleg miljø med pedagogar og andre kyrkjefaglege stillingar 
  • Høve til å påverke og forme eigen arbeidskvardag

Anna

  • Kvelds- og helgearbeid inngår i stillinga
  • Du må ha sertifikat og helst disponere eigen bil
  • Politiattest må leggjast fram før tilsetting

Søk stillinga på Webcruiter her

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"