Utlysing Kyrkjetenar Hestad kapell

Vi søkjer etter kyrkjetenar til Hestad kapell. Ikkje fast stillingsprosent, men på timesbasis.

Utlysing Kyrkjetenar Hestad kapell

Arbeidsoppgåver:
• Klargjere kyrkja for gudstenester (varme, blomar, tenne lys, evt dåp eller nattverd mm)
o Her er ikkje fjernstyring av varme – så det må ordnast på staden
o Manuell ringing med klokkene
• Gjere klokkarteneste i samband med gudstenestene (lese bøner, tekstar og kunngjeringar)
• Rydde kyrkja etter ferdig gudsteneste, evt reingjere kalkane etter nattverd
• Sløkke lys, slå av varme når du som sistemann forlet kyrkja.
• Gjere kyrkjetenaroppgåver i samband med vigsel, konsertar og andre arrangement i kyrkja.
• Så lenge vi har smitteverntiltak er kapellet ikke eigna for samlingar, men det kan unntaksvis vere nokr få personar ved t.d. vigsle: Sørge for smitteverntiltak med avstand mellom deltakarane, tilgang til handsprit, at nokon fører deltakarliste.
• Ha ansvar for eventuell evakuering i nødssituasjon.
• Reinhald av kyrkja
• Evt andre mindre vaktmeisteroppgåver
• Ved snø og glatte om vinteren må du sørge for at kyrkjetrappa er rydda for snø og evt at det blir strødd på glatta.
Arbeidstida blir i hovudsak knytt til 3 gudstenester: skjærtorsdag, olsok-afta og ein søndag i september (kulturminnedagen).
Gravferd på dagtid på kvardagar, og enkelte kveldsarrangement i veka, evt vigsle. Ved gravferd kan oppgåva med sjølve seremonien løysast av andre, men reinhald må kapellet sin kyrkjetenar ta seg av.
• Kvalifikasjonar:
o Du har interesse for gudstenestefellesskapet og kyrkjeleg aktivitet
o Du er ein god formidlar og snakkar godt norsk
o Du kan samhandle godt med prest og organist
o Du er strukturert og likar å gjere praktiske oppgåver
• Løn som kyrkjetenar i stillingskode 5137, lønsgruppe 1, og elles tillegg etter tariff.
Ta gjerne kontakt om du har spørsmål knytt til utlysinga.
Kontaktpersonar er kyrkjeverje Inger Hageberg Øvrebø, tlf 41694472
eller sokneprest Frode Skeide, tlf. 95100916.

Send søknad på epost til inger.ovrebo@sunnfjordkyrkja.no innan måndag 12.april 2021.

 

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"