Utlysing – kyrkjetenar og reinhaldar Viksdalen kyrkje

Vi søkjer etter kyrkjetenar til Viksdalen kyrkje. Stillinga er ledig frå 1.4.2021. Stillingsstorleik: 17 %, alternativt kun kyrkjetenar utan reinhald. Stillingsstorleik er då 9%

Utlysing – kyrkjetenar og reinhaldar Viksdalen kyrkje

Arbeidsoppgåver:
• Klargjere kyrkja for gudstenester (varme, blomar, tenne lys, evt dåp eller nattverd mm)
• Gjere klokkarteneste i samband med gudstenestene (lese bøner, tekstar og kunngjeringar)
• Rydde kyrkja etter ferdig gudsteneste, evt reingjere kalkane etter nattverd
• Sløkke lys, slå av varme, setje på alarm når du som sistemann forlet kyrkja.
• Gjere kyrkjetenaroppgåver i kyrkja i samband med gravferd, dersom ikkje gravplassarbeidar kan ta ansvaret.
• Gjere kyrkjetenaroppgåver i samband med vigsel, konsertar og andre arrangement i kyrkja.
• Sørge for smitteverntiltak med avstand mellom deltakarane, tilgang til handsprit, at nokon fører deltakarlister mm før dei ulike seremoniane.
• Ha ansvar for eventuell evakuering i nødssituasjon.
• Reinhald av kyrkja – dette utgjer om lag 8 % stilling.
• Andre vaktmeisteroppgåver som å ha tilsyn med alarmanlegg mm
• Ved snø og glatte om vinteren må du sørge for at kyrkjetrappa er rydda for snø og evt at det blir strødd på glatta.
• Det kan vere aktuelt å vere vikar for andre kyrkjetenarar i andre kyrkjer i kommunen, ved ferieavvikling og andre behov.

Arbeidstida blir i hovudsak søndagar og elles høgtidsdagar. Unntaksvis seremoniar eller arrangement på andre vekedagar. Utanom gravferd er det rundt 20 ulike gudstenester og samlingar i Viksdalen kyrkje gjennom året.

• Kvalifikasjonar:
o Du har interesse for gudstenestefellesskapet og kyrkjeleg aktivitet
o Du er ein god formidlar og snakkar godt norsk
o Du kan samhandle godt med prest og organist/kantor
o Du er strukturert og likar å gjere praktiske oppgåver

• For tilsetting er det krav om medlemskap i Den norske kyrkja.
• Stillingen krev noko fleksibilitet i arbeidstid.
• Løn som kyrkjetenar i stillingskode 5137, lønsgruppe 1, og elles tillegg etter tariff.
• Skriv i søknaden om du søkjer på klokkar/kyrkjetenar med eller utan reinhaldardelen.
• Kvalifiserte søkjarar som ynskjer begge funksjonane vil bli føretrekte.

Ta gjerne kontakt om du har spørsmål knytt til utlysinga.
Kontaktpersonar er kyrkjeverje Inger Hageberg Øvrebø, tlf 41694472
eller sokneprest Frode Skeide, tlf. 95100916.

Send søknad på epost til inger.ovrebo@sunnfjordkyrkja.no innan måndag 12.april 2021.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"