Tankar på langfredag og video frå Ålhus kyrkje

Jesus, han som ber vår naud: Tankar på langfredag ved prostiprest Runar Matsui-Li. Då kyrkjene ikkje vert brukt som vanleg denne påska, har kyrkjestaben i Jølster laga til ein video for kvar av dei ulike dagane i påska. Håper at dette kan vere ei lita erstatning for samlingane vi går glipp av. 

Tankar på langfredag og video frå Ålhus kyrkje

«Då dei kom til ein stad som heiter Getsemane, sa Jesus til læresveinane: «Sit her medan eg bed!» Mark 14,32


Lesingane på langfredag startar med forteljinga om at Jesus tar med seg vennene sine og går ut i natta for å be. I Hebrearbrevet ser vi ein heilt sjølvstendig tradisjon om Jesu bøn i Getsemane. Her står det i kap. 5,7-10:
«Då Jesus levde som menneske, bar han fram bøner og naudrop, med høge skrik og tårer, til han som kunne berge han frå døden, og han vart bønhøyrt fordi han var gudfryktig. Endå han var Son lærde han lydnad ved å lida. Då han hadde nådd fullendinga, vart han kjelde til evig frelse for alle som kalla på han, han som av Gud vart kalla øvsteprest av same slag som Melkisedek».


Eg trur at tekstforfatteran tenkjer på heile Jesu liding som ein veg gjennomsyra av bøn til Gud om liv konfrontert med døden sin makt. Ved å lide, rope, gråte og be utfører Jesus det ein øvsteprest skal gjere; han ber menneskeheitas naud fram for Gud. Vi har ein frelsar som også i dag ber oss fram for Gud i bøn og påkalling. Vi er ikkje aleine i ein vanskeleg tid.


Det kan høyrdest ut som eit paradoks at Jesus vart bønhøyrd. Han døde jo på korset! Korleis vart Jesus bønhøyrd? Svaret på dette spørsmålet fører oss nærare vår eigen frelse mysterium. Gud har henta Jesus ut av dauden sin natt og gjennom oppstodinga redda oss frå dauden. Bønhøyringa var ein overvinning av sjølve dauden. Jesus døyr ikkje meir, og meir ein det: Han døyde ikkje for seg sjølv åleine. Det var ein daud for dei andre, for oss.


På korset blei døden beseira.
Frå korset kommer nytt liv til alle menneske.
På korset blir Jesus kjelde til liv.

Mark 14,26-15,37

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"