Ledig stilling: Driftsleiar for kyrkjene i Sunnfjord

Vi har ledig stilling som driftsleiar i 100 % fast stilling med søknadsfrist 8. januar 2023. Driftsleiar skal ha ansvar for dei om lag 15 tilsette (fordelt på 5,5 årsverk) som har sitt daglege arbeid knytt til dei 10 kyrkjene og dei 14 gravplassane våre.

Ledig stilling: Driftsleiar for kyrkjene i Sunnfjord

Sunnfjord kyrkjelege fellesrådsområde ligg i Sunnfjord prosti og svarar geografisk til Sunnfjord kommune. Fellesrådsområdet har eit samla folketal på rundt 22.000. Vi har 6 sokn, 10 kyrkjer og 14 gravplassar. Hovudkontoret er i Førde, med lokale kyrkjekontor i Naustdal, på Vassenden og på Sande. Den totale staben består av rundt 40 fellesrådstilsette og 7 prestar, inkludert prost. 

Kyrkjegarden og kyrkjene betyr mykje for folk, driftsleiar skal – saman med øvrige tilsette –  arbeide slik at bygg- og anlegg framstår velstelte, at forvaltninga er profesjonell og effektiv og at tilsette har gode rammer for sitt arbeid. Stillinga passar godt for den som likar vekslinga mellom praktisk og administrativt arbeid. Det kan bli aktuelt for driftsleiar å fungere i kyrkjeverja sitt fråvær. Kontorstaden er i Førde, arbeidsområde til driftsleiar omfattar heile kommunen.

Arbeidsoppgåver

  • Leie og koordinere arbeidet knytt til gravplassdrift
  • Personalansvar for kyrkjegardsarbeidarar og kyrkjetenarar
  • Overordna ansvar for drift og vedlikehald av bygg og anlegg
  • Overordna ansvar for innkjøp og vedlikehald av utstyr

Kvalifikasjonar

  • Minimum 3-årig universitets- eller høgskuleutdanning (bachelor e.l.)
  • Relevant erfaring kan kompensere for formell fagleg utdanning
  • Erfaring frå personalleiing vert vektlagt
  • Erfaring frå drift og vedlikehald av bygg, anlegg og utstyr er ein fordel
  • Søkjar må ha førarkort for bil (gjerne BE)
  • Krav om medlemskap i Den norske kyrkja

Personlege eigenskapar

  • Gode evner til kommunikasjon og samarbeid
  • Lagbyggar som skaper gode relasjonar mellom tilsette
  • Likar å arbeide målretta, systematisk og planmessig
  • Vere fleksibel og kunna møta utfordringar

Vi tilbyr

  • Du blir del av ein engasjert stab med både erfaring og kunnskap
  • Stillinga er nyoppretta og gjev stort rom for utvikling
  • Variert og meiningsfull arbeidskvardag
  • Løn i samsvar med avtaleverket i KA sitt tariffområde
  • Gode pensjons – og forsikringsordningar i høvesvis KLP og KNIF

Søk stilling på Webcruiter

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"