Ledig stilling: Kyrkjegardsarbeidar

Sunnfjord kyrkjelege fellesråd har ledig fast 100% stilling som kyrkjegardsarbeidar med hovudarbeid knytt til Naustdal. Kyrkjegardane og kyrkjene betyr mykje for folk og det er av stor betydning at desse er velstelte og at det er ein stad der besøkjande opplever det er godt å vere.

Ledig stilling: Kyrkjegardsarbeidar

Naustdal sokn er eit av 6 sokn i Sunnfjord kyrkjelege fellesråd. Kyrkjegardsarbeidar har varierte oppgåver knytt til drift, tilsyn og vedlikehald av Naustdal og Vevring kyrkje og dei tilhøyrande gravplassane. I tillegg kjem gravplassen på Fredlund. Kyrkjegardsarbeidaren går inn i eit team med tre andre, og ved behov må ein vere budd på å gjere oppgåver ved andre kyrkjer/gravplassar i kommunen.

Arbeidsoppgåver

  • Sikre god og forsvarleg drift av kyrkjegardane
  • Tilsyn/vedlikehald av soknet sine bygg
  • Opning og lukking av grav ved gravferder
  • Kyrkjetenar i kyrkja ved gravferdsseremoni
  • Arbeid ved andre gravplassar og kyrkjer i kommunen ved behov.

Kvalifikasjonar

  • Ynskjeleg at du har eit fagbrev i eit relevant yrkesfag, - t.d maskin, tømrar, røyrleggar, gartnar
  • Du er praktikar med brei erfaring
  • Du har førarkort klasse BE
  • Du må kunne bruke minigravar

Personlege eigenskapar

  • Du har blikk for å sjå smått og stort av oppgåver som må gjerast.
  • Du trivest med fysisk arbeid, og å jobbe ute
  • Du er initiativrik og sjølvstendig og har god gjennomføringsevne.
  • Du kan planlegge eigen arbeidsdag og nytte tida godt
  • Du kan møte besøkjande på gravplassen og i kyrkja med respekt
  • Du har stor vilje og evne til samarbeid
  • Du er fleksibel og løysingsorientert

Vi tilbyr

  • Løn etter gjeldande tariffavtale for kyrkjeleg sektor, avhengig av ansiennitet og kompetanse.
  • Pensjonsordning gjennom KLP, med 2% trekk av løna som pensjonsinnskott.
  • Samarbeid med dei andre kyrkjegardsarbeidarane i organisasjonen
  • Eit kollegium med rundt 40 medarbeidarar i fellesrådet.
  • Høve til å påverke og forme eigen arbeidskvardag.

Kontaktpersonar:

  • Kyrkjeverje Sissel Vartdal, tlf. 48 99 12 57
    Arbeidsleiar Ellinor Wergeland, tlf. 47 97 81 84

Søknadsfrist: 1. mars 2023

Søk stillinga på Webcruiter her

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"