Bli med på leir for 10.-klassingar i Sunnfjord 15.-17. desember!

Kyrkja inviterar 10.-klassingar i Sunnfjord til leir på Alværa leirstad! Etter suksess med leir i september ynskjer vi å gjennomføre ein ny leir – no også med Gaular! Vi skal treffe nye og gamle venar, ete god mat, spele spel, ha underhaldning, kvelds- og morgonsamlingar i lag, og anna moro både ute og inne. Påmeldinsfrist onsdag 13. desember.

Bli med på leir for 10.-klassingar i Sunnfjord 15.-17. desember!

Påmelding her: https://forms.gle/ZBGeN4VmUTPgGeu37

Transport
Vi legg opp til at ein kan ta felles, offentleg buss/køyrer bil sjølv. Du må kjøpe bussbillett sjølv på nettet. Viktig å bestille bussbillett i god tid, då det kan bli fullt. Ein leiar vil vere med på bussen.
Bussavgangar:
Buss frå Førde, fredag 15.12. kl: 17:15. (VY)
Buss frå Alværa, søndag 17.12 kl: 15:03. (Nor-way)

Betaling
Det kostar 400kr for heile helga. Dette dekkar mat og overnatting. (merk: ikkje transport)
Betaling til kontonummer: 3705 406 1308. Merk betaling med: "Leir Alværa des2023"
Om økonomi er ei hindring for å vere med på leir må dykk gjerne ta kontakt med oss.

Dette må du ha med:
•    Dynetrekk/sovepose
•    Putetrekk
•    Laken
•    Håndkle
•    Kle etter vær
•    Toalettsaker
•    Innesko/tøfler
•    Bibel/Nye testamentet

Mat
Vi står for maten sjølv og ber om at alle tar med noko mat til fellesmåltida:
• GUTTER tar med ein pølsepakke og lomper/brød
• JENTER tar med eit pålegg og drikke (juice/melk)

Ta gjerne kontakt med oss tilsette ved spørsmål:
Fredrik Bråttvik, Prest: 47885850, Andrine Lundekvam, Kyrkjelydsarbeidar: 47679480

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"