Nominasjonskomité i alle sokn set opp eit forslag til valliste til soknerådsval 2023. Forslag på kandidatar til soknerådet kan meldast til ditt lokale kyrkjekontor eller til nominasjonskomitéen. Valbare er medlemmer av Den norske kyrkja som bur i soknet, og som fyller 18 år seinast i 2023.
Listeforslag bør ha minst 40 prosent representasjon av kvart kjønn, minst 20 prosent representasjon av ungdom under 30 år og ei rimeleg geografisk spreiing. Kandidatar skal vere oppført i prioritert rekkjefølgje med førenamn, eventuelt mellomnamn, etternamn og fødselsår, og dessutan eventuelt bustad og stilling.
Det er òg høve for ein nomineringsgruppe på ti personar med stemmerett i soknet å levere ei liste til val av sokneråd. Fullstendige opplysningar om listekrav finn du på www.kirken.no/valg. Innleveringsfrist for listeforslag til valstyret er fredag 31. mars 2023, kl. 12.00.
Leiarane i nominasjonskomitéane
Førde: Ole Jonny Warvik
Gaular: Inger Hageberg Øvrebø
Helgheim: Svein Årdalsbakke
Holsen og Haukedalen: Kåre Høgseth
Naustdal:
Ålhus: Ellinor Østenstad
Kontakt leiar i nominasjonsnemnd i ditt sokn om du lurer på noko eller har lyst å stilla til val.