Nominasjon til soknerådsval

Vil du vera med og gi kyrkjelyden din eit godt sokneråd? Eller kjenner du nokon som kan bli utfordra til å site i soknerådet? Til hausten er det kyrkjeval. Det betyr at vi skal velja nytt sokneråd i kyrkjelyden vår. Ei nasjonal undersøking blant sitjande soknerådsmedlemmar viser at eit stort fleirtal trivst og opplever det som meiningsfylt å vera med i soknerådet. Vil du vera med på laget?

Vil du ha eit godt råd?

Nominasjonskomité i alle sokn set opp eit forslag til valliste til soknerådsval 2023. Forslag på kandidatar til soknerådet kan meldast til ditt lokale kyrkjekontor eller til nominasjonskomitéen. Valbare er medlemmer av Den norske kyrkja som bur i soknet, og som fyller 18 år seinast i 2023.

Listeforslag bør ha minst 40 prosent representasjon av kvart kjønn, minst 20 prosent representasjon av ungdom under 30 år og ei rimeleg geografisk spreiing. Kandidatar skal vere oppført i prioritert rekkjefølgje med førenamn, eventuelt mellomnamn, etternamn og fødselsår, og dessutan eventuelt bustad og stilling.

Det er òg høve for ein nomineringsgruppe på ti personar med stemmerett i soknet å levere ei liste til val av sokneråd. Fullstendige opplysningar om listekrav finn du på www.kirken.no/valg. Innleveringsfrist for listeforslag til valstyret er fredag 31. mars 2023, kl. 12.00.

 

Leiarane i nominasjonskomitéane

Førde: Ole Jonny Warvik

Gaular: Inger Hageberg Øvrebø

Helgheim: Svein Årdalsbakke

Holsen og Haukedalen: Kåre Høgseth

Naustdal:

Ålhus: Ellinor Østenstad

Kontakt leiar i nominasjonsnemnd i ditt sokn om du lurer på noko eller har lyst å stilla til val.

 

 

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"