Tankar på påskedagen og videogudsteneste frå Helgheim kyrkje

«Deg være ære, Herre over dødens makt»: Tankar på påskedagen ved Prost Reidar Knapstad. Då kyrkjene ikkje vert brukt som vanleg denne påska, har kyrkjestaben i Jølster laga til ein video for kvar av dei ulike dagane i påska. Håper at dette kan vere ei lita erstatning for samlingane vi går glipp av. 

Tankar på påskedagen og videogudsteneste frå Helgheim kyrkje

«Deg være ære, Herre over dødens makt.» Tonen på påskedag er fylt av jubel. Med takk og glede stemmer vi i dei kjende og kjære påskesalmane. Forteljinga om kvinnene som kom til grava ved daggry er meir dempa. Dei venta ikkje unødig, men kom seg av stad for å minnast han som dei hadde mist. Dei gjekk til grava for di dei ville gjere han ei siste teneste.

Dei vart forfærde då dei såg at steinen framfor grava var rulla bort og for di Herrens kropp ikkje var å sjå. Dei visste ikkje kva dei skulle tru. To menn i skinande kvite klede sa til dei: «Kvifor leitar de etter den levande mellom dei døde? Han er ikkje her. Han har stått opp.» Dei blir minna om at Jesus sa at han skulle stå opp frå dei døde tredje dagen.

Det same skjer når vi samlast for å feire gudsteneste. Vi høyrer forteljingane og vi syng påskesalmane. Men denne påska får vi ikkje samlast om Ordet og Bordet. Kva gjer det med oss? Kanskje blir det lettare å førestille seg det kvinnene såg og fortalde. Det var ikkje deira iver og begeistring som gjorde Herren Jesus levande. Tvert om! Det hende trass i deira mangel på tru og begeistring.

Det er fint med eit gudstenestemøte med Han, der vi kjenner oss løfta og let ord og tonar ta tak i oss. Med det er ikkje dette som gjer ein forskjell . Det avgjerande er at han ikkje lenger er død. Han lever og er midt i mellom oss. Han lever! – uavhengig av våre rammeverk. Verda er ikkje lenger den same. Dersom han ikkje er død, er han levande. Han er ikkje her. Det var sant berre på ein stad og ein gong i historia: ved den opna grava påskedagsmorgonen.

Over alt og til alle tider elles lyder det: Han er her, for di han er reist opp frå dei døde. Om du ikkje kan komme til gudsteneste vil han likevel komme til deg, så du kan følgje han i tru og håp.

God påske!
Reidar Knapstad

Lukas 24,1-9

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"