Påmelding til gudstenester i jula

Velkommen til gudstenestefeiring i kyrkjene i Sunnfjord no i advents- og juletida. Pga. restriksjonar er det no tillate med inntil maksimalt 50 deltakarar i kyrkjene, og ved allsong skal vi prøve å halde 2 meters avstand mellom personar/hushaldningar.

Påmelding til gudstenester i jula

Alle kan sjå gudsteneste i Førde kyrkje julaftan, på FIRDA si heimeside, www.firda.no, frå kl.14.00.

For dei aller fleste kyrkjene og julegudstenestene i Sunnfjord vil vi frå måndag 14. desember kl.12.00 opne for digital påmelding via kyrkjelydane sine heimesider. Du kan melde på deg sjølv og eventuelle husstandsmedlemmer, som altså er del av same kohort. Du slepp då å oppgi namn og telefonnummer når du kjem til kyrkja, og du kan sjå at det er plass allereie når du melder deg på.

Når vi ser på plassering av påmelde grupper, kan avstandskravet medføre at maks-talet på 50 dessverre må reduserast i etterkant av påmeldinga.
Dei sist påmeldte vil då bli kontakta om dette.

Vi ynskjer først og fremst at du nyttar digital påmelding, men det vil og vere mogleg å ringe kyrkjekontoret og melde seg på. 

Oversikt over gudstenestene ligg her.
Velg den aktuelle gudstenesta, les informasjon om påmelding.

Ved digital påmelding viser:  klikk her for påmelding.  
Her finn du også aktuelt telefonnummer for påmelding.


Ved frammøte til gudsteneste utan førehandspåmelding, kan vi ikkje garantere plass.

For at flest mogleg skal kunne få delta på ei gudsteneste i jula, oppmodar vi til påmelding til kun ei gudsteneste – julaftan eller 1.juledag.

Kyrkjedørane opnar 30 minutt før gudstenesta tek til.
Har du meldt deg på, må du møte seinast 20 minutt før gudstenesta tek til. Du/De vil då få tilvist plass i kyrkja. Dersom ein ikkje møter fram, går plassen til nokon som står og ventar på plass.

Hjelp gjerne kjenningar som du veit ynskjer å delta, men som kanskje ikkje kjenner til påmelding på nett. Pass i så fall på å starte på ny påmelding for kvar enkelt husstand du hjelper.

 

Konsekvent gjeld som før at deltakarane
• må vere friske
• halde 1 m avstand, 2 m ved allsong 
 (folk frå same husstand kan sitje tettare)
• har god handhygiene – ta på handsprit når du kjem
• minst mogleg bevegelse i lokalet og minst mogleg berøring av utstyr

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"