Kor lenge er ei lita stund?

Jesus sa: Om ei lita stund ser de meg ikkje lenger, og om endå ei lita stund skal de få sjå meg.» Då sa nokre av læresveinane hans seg imellom: «Kva meiner han med det han seier til oss: ‘Om ei lita stund ser de meg ikkje, og om endå ei lita stund skal de få sjå meg’ og: ‘Eg går til Far’? Kva tyder dette: ‘om ei lita stund’? Vi skjønar ikkje kva han snakkar om.» Sanneleg, sanneleg, eg seier dykk: De skal gråta og klaga, men verda skal gleda seg. De skal sørgja, men sorga skal vendast til glede (utdrag frå teksten Johannes 16, 16-22.) Søndagstankar ved sokneprest i Naustdal, Rigmor Frøyen med video frå Naustdal kyrkje.

Kor lenge er ei lita stund?

Om ei lita stund. Kva er ei lita stund? Spør vi barn, vil dei tenkje at det er ganske snart, gjerne med ein gong.

Ei lita stund. Det betyr litt ventetid. Men kor lenge?

Eg syns ikkje det er rart at venene til Jesus var – litt oppgitt??- Kva meiner han med EI lita stund.

Søndagens tekst fører oss litt bakover i tid, før Jesus liding og død. Så han prøver nok å førebu dei på kva som skal kome. Eg blir borte. De skal kome til å kjenne sorg og vere triste., men de skal få sjå meg att og bli fylte av glede.
Det kan vere mange avskjedscener gjennom eit liv. Frå det daglege «Ha det» når vi går ut av døra om morgonen. Takk for i dag, og «ha det», når vi går frå jobben. Meir alvor over det, når du skal ut i den store verda og flyttar frå barndomsheimen.

Ein avskjed som gjer særleg vondt er når du står ved ein gravkant. Det kan kjennast så brutalt. Så endeleg.

Då kan orda frå Jesus hentast inn igjen. Sorga skal vendast til glede. Trua strekkjer seg framover, ut av mørket og inn i lyset, i ei anna framtid. Påskedagen har sprengt alle grenser- også dødens. Jesu nærvær- ikkje om ei lita stund- eller langt fram, men her og no. Utruleg!

Trua og håpet tek ikkje bort sorg og sakn etter dei vi er glade i. Men det kan gje oss trøyst og mot. Det spirer og gror rundt oss. Våren kjem, midt i alt det som er uvanleg og annleis. Vi er i ei ventetid på ulike måtar. Kva er eit lita stund? Kor lenge skal dette vare?

Eg og søskena mine voks opp med å ta avskjed med pappa kvar søndag kvel. Vi visste at fredag ville han kome heim igjen, og i den svarte reiseveska venta det alltid ein kvit pose fylt med fox-karamellar. Det kunne vere lenge å vente for oss. Å vite at ein ventar på noko godt kan vere ei god ventetid.

Å ikkje vite kva som ventar, kan gjere oss urolege og redde. Alle desse erfaringane kan knytast til trua. Jesus har lova å kome til oss. Ein gong der framme, ja. Men også der vi lever, i det vekslande livet og den vekslande kvardagen. No er de fylte av sorg, men eg skal sjå dykk att, og hjartet dykkar skal gleda seg, og den gleda skal ingen ta ifrå dykk..

Under kan du sjå ei mini-gudsteneste frå Naustdal kyrkje til søndag 3. mai. Salmar som vert sunge: nr 801 Nå er det morgon og nr 483 Ha ingen uro. I gudstenesta deltek sokneprest Rigmor Frøyen, kantor Erlend Os, forsongargruppe: Jetvard Kalland, Aud og Harald Sørheim. Fotograf: Arne Kleiva.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"