Søndagstankar For skaparverket: Nøysemd og gudsfrykt

Søndagstankar 05.juli 2020. For skaparverket: Nøysemd og gudsfrykt. Av sokneprest i Jølster, Silje Sørebø. På ein av søndagane no tidleg på sommaren har mange av kyrkjelydane i landet vårt markert søndag for skaparverket. I ein av bibeltekstane som høyrer til søndag for skaparverket kan vi lese: «Å frykte Gud og vera fornøgd med det ein har, er ei stor vinning» (1. Tim 6,6). I bokmålsoversetjinga står det på denne måten: «Gudsfrykt med nøysomhet er ei stor vinning»

Søndagstankar For skaparverket: Nøysemd og gudsfrykt

Kva tenkjer du når du høyrer ordet nøysemd? Eg merker at eg assosierer fort dette ordet med noko litt gledeslaust og gjerrig. Å leve nøysamt, kan høyrest ut som å gå på tur med berre vatn og knekkebrød til nistemat. Inga nyting, inga livsglede. Men stemmer dette?
Om vi skulle tillate oss å seie at noko godt har komme ut denne spesielle koronnavåren, så trur eg det må vere at når mykje stoppa opp i samfunnet, så fekk ein del menneske tid til å tenkte igjennom: Kva er det eigentleg som betyr noko? Kva er det eigentleg vi må? Og kanskje har det ført til at mange har kjent ei ny takksemd for alt det som er godt i livet, dei enkle og nære gledene, menneske som omgjev oss. For nokre har det blitt meir plass for glede over det som er her og no, i staden for heile tida å stresse mot noko der framme.
Det er ei fare i vår moderne tid, at vi fyller liva våre med så mykje av både ting og aktivitetar, at vi vert blinde for dei små og enkle gledene. Eg trur ikkje at det som gir livet glede er å fylle livet med meir og meir, men det å kunne ha auge til å sjå det verdifulle i det og dei som omgjev meg her og no. Og kanskje er det dette nøysemd handlar om? Å bere med seg takken som ei grunnhaldning i livet. Øve seg i å vera fornøgd med det ein har. I så fall har det ingenting med gledesløyse å gjere. Nei, det handlar tvert i mot om å rydde plass for gleda over å vere eit menneske i Guds skaparverk.
Det andre ordet eg har merka meg med i dette bibelverset frå Paulus brev til Tim er gudsfrykt/ å frykte Gud. Nokre vil kanskje hevde at det er noko angstfullt og usunt over dette ordet gudsfrykt. Og ja, eg har møtte menneske som strevar og slit med angsten for ein streng og straffande Gud. Men å frykte Gud, er ikkje heilt det same som å ha angst for Gud. I evangelieteksten vi les på søndag for skaparverket seier Jesus: «Ver ikkje redd! Blir ikkje to sporvar selde for ein skilling? Og ikkje ein av dei fell til jorda utan at Far dykkar er der. 30 Ja, kvart hårstrå på hovudet dykkar er talt. 31 Så ver ikkje redde! De er meir verde enn mange sporvar» Slik gir Jesus oss bilete av ein Gud som er hos skaparverket med kjærleik. (Matt 10, 29-31)
Når det står at vi skal frykte og elske Gud i Bibelen, tenkjer eg difor at frykt står i betydning ærefrykt og ærbødigheit eller respekt for Gud som er heilag, fullkommen kjærleik og rettferd.
Det var mange demonstrasjonar verda over etter at afroamerikanaren George Fløyd døydde på grunn av politivald i USA. På plakatane til mange av demonstrantane har det stått: «Black lives matter». Eg tenkjer at ekte gudsfrykt alltid vil føre med seg ei erkjenning av dette: Black lives matter, men også at: All lives matter. Alle liv betyr noko. Bror til George Floyd viste dette då han sto fram og oppfordra demonstrantane til å bruke fredelege middel. Han sa: Vi i familien til George vil ikkje ha vald og hemn, for vi er gudfryktige folk.
Gudsfrykt fører med seg ei erkjenning av at alt liv betyr noko. Menneskeliv, men også det liv som finnast i skaparverket elles, fordi det bærer med seg avtrykket frå ein heilag Gud. Ærefrykt for Gud, skal bringer med seg ærefrykt for livet.
Når vi feirer søndag for Skaparverket i kyrkjelydane våre, er det gleda og takken for skaparverket som står i sentrum. Så er det slik for mange av oss at den klimakrisa vi står i, er eit skår i denne gleda. Vi veit at det hastar. Det hastar at styresmakter tar grep, det hastar å forske og satse på ny klimavenleg teknologi. Vi menneske må vere kreative og tenke nytt, men når vi ser den rovdrifta som er på naturressursane mange stader i verda i dag, mon tru om vi ikkje også treng å tørke støv av desse gamle orda som vi finn i Paulus bev til Timoteus og øve oss å leve etter dei. Istadet for overforbruk og grådigheit treng vi kanskje meir enn nokon sinne nøysemd og gudsfrykt. For som det stod i bibelordet: Å frykte Gud og å vere fornøgd med det ein har, er ei stor vinning. Og kva er vinninga? Jo, det er så enkelt og stå stort som gleda over fellesskapet med Gud og alt det skapte.
Bøn:
Heilage Gud, hjelp meg å vere fornøgd med det eg har og å sjå ditt heilage avtrykk i alt liv om omgjev meg. Amen

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"