Det gode mysteriet

Søndagstankar frå Silje Sørebø, sokneprest i Jølster. I dag, på 2. søndag i påsketida, vil eg ei lita stund ta ein pause frå koronaoppdateringar og tenkje på livets mysterium. Det finnes nok av dei mørke mysteria: Kvifor finnast lidinga, smerten, vondskapen i verda vår? Men i dag vil eg fyrst og fremst tenkje på dei gode mysteria. For dei er minst like store som dei mørke. Eg vil tenkjer på ein liten hestehov som sprengjer seg veg opp gjennom asfalten. Eg vil tenkje på ein solnedgang som tar pusten frå meg. Eg vil tenkje på lyden av bølgjeskvulp mot ei strand. Eg vil tenkje på eit smil som varmar meg langt inn i sjela. Eg vil tenkje på kor det kjem ifrå alt dette gode.

Det gode mysteriet

Søndagens bibelforteljing: Joh 21,1-14

I dagens bibelforteljing finnast det også eit lite mysterium som eg kan stanse ved. Noko i teksten som er både vakkert og underleg. Ein av læresveinane som har vore ute og fiska denne natta blir nemleg ikkje nemnt med namnet sitt. I staden blir han berre omtalt som den læresveinen som Jesus hadde kjær. Eg syns det er underleg. Kvifor ikkje berre seie kva han heiter? Men slik er det også andre stader i Johannesevangeliet. Han blir ikkje nemnt med namn, men blir i staden omtalt som han som Jesus hadde kjær.


Vi høyrer om han ved det siste måltidet. Når Jesus sa til venene sine at ein av dei kjem til å svike han, så var det berre denne læresveinen, han som Jesus har kjær, som våga å bøye seg nærare inn til Jesus og sette ord på det spørsmålet som dei alle sat med: Kven er det som skal svike, Jesus?


Vi høyrer om han ved Jesu krossfesting. Han sto under Jesus kross i lag med Jesu mor: Då Jesus fekk auge på mor si og såg at den læresveinen han hadde kjær, stod attmed henne, sa han til mor si: «Kvinne, sjå, der er son din.» 27 Så sa han til læresveinen: «Det er mor di.» Frå den stunda tok læresveinen henne heim til seg. (Joh 19,26-27)


Vi høyrer om han ved den tomme grava og i dagens bibelforteljing der læresveinane sat i fiskebåtane medan ein mann sto inne på stranda og tala til dei. Han, læresveinen som Jesus hadde kjær, var den som først gjenkjente mannen på stranda og sa til Peter: «Det er Herren» (Joh 21, 7)


Vi høyrer om han på slutten av Johannesevangeliet, då kjem det fram at det er denne læresveinen, han som Jesus hadde kjær, som har vitna om alt det som står om Jesus i Johannesevangeliet. Det er altså denne læresveinen som er forteljarstemma i forteljinga. Men kvifor kan han ikkje berre nemnast med namn? Kvifor kan han ikkje berre kallast for Johannes?


Etter å ha undra meg over dette, tenkjer eg at kanskje er det slik at dette vesle tekstlege mysteriet er meint å vise veg inn til eit stort mysterium i den kristne trua. For kan det vere slik at når denne læresveinen ikkje nemnd med namn, er det fordi forfattaren vil at dette skal kunne vere kven som helst? Kanskje er løysinga på dette vesle mysteriet rett og slett at forfattaren vil at vi skal putte oss sjølv inn i denne rolla? Kanskje vil han at vi skal sjå oss sjølve som ein som Jesus har kjær til tross for alt vi kan bære med oss i livet av eigne svik og nederlag og anna som kan tynge? For er ikkje dette eit at dei verkeleg store og gode mysteria i den kristne tru? At eg og du blir inviterte inn i venskapet med den oppstadne? Eit venskap der vi får lov å komme fram med dei vanskelege spørsmåla, slik den læresveinen som Jesus hadde kjær, gjorde ved det siste måltidet. Eit venskap der vi kan få ta imot Jesu kjærleik og omsorg sjølv i den djupaste smerte, slik den læresveinen som Jesus hadde kjær, gjorde ved krossen. Eit venskap der Jesus kjem oss i møte i alt som er godt, slik den læresveinen som Jesus hadde kjær, opplevde denne vakre morgonen då dei åt nygrilla fersk fisk ved eit bål på stranda medan dei såg soloppgangen og høyrde bølgjeskulpen. Eit venskap der Jesus utfordrar oss til å gje hans kjærleik vidare til andre menneske, slik den læresveinen som Jesus hadde kjær, gjorde då han fortalte sitt evangelium om Jesus Kristus.


I dag på 2. søndag i påsketida vil eg stanse ei lita stille stund ved desse tankane: Eit lite mysterium, ein læresvein utan namn, som viser veg inn til det store mysteriet: Den oppstadne som står ved vår side og seier til meg og deg: Det er deg eg har kjær. Eg gjev deg min kjærleik i dag. Du ser meg i hestehoven, i soloppgangen og smilet som varmar. Og når du ikkje ser meg, så er eg der likevel.

Dagens bøn:
VEKK MEG OPP MED SONG
Kjærleiks Gud,
når eg søv for lenge,
når eg gløymer alle dine
velgjerningar,
då, vekk meg opp!
Vekk meg opp med song,
frydesong,
utan notar, utan taktslag,
kjærleikssong,
bortanfor alle ord,
ein song om tru
over all forstand.
Eg kan høyre tonen
ihjartet mitt
når du vekkjer meg opp
til ditt nærvær.
Mechthild av Magdeburg (ca 1210-1280)


Dagens salme: nr 801 i NoS
NÅ ER DET MORGEN
Nå er det morgen, tåkene letter.
Fuglesang vekker livet på jord
Takk Gud for sangen, dagen og lyset,
Sannhetens kilde, som er ditt ord.

Skapelsens morgen, solen og vinden
stryker din nåde mykt mot mitt kinn
Takk Gud for marken, skogen og gresset.
Nyfødt er jorden, dagen er min

Jesus, du oppstod ren og forklaret,
langs våre stier har du din vei.
Vakker er jorden, mektig er håpet:
Alt skal fornyes herlig i deg

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"