Søndagstankar-til søndag 19.juli 2020

Søndagstankar til søndag 19.juli av Prestevikar, Teologistudent Knut Nordeide. Kvar enkelt av oss er som den eine sauen som er komen bort. Gud seier seg ikkje nøgd med dei 99 han framleis har, slik mange kunne tenkt. Hundre sauer var å rekne som stor rikdom! Om éin forsvinn vil ikkje forandre dette. Men Gud bryr seg ikkje om talet, han bryr seg om deg. Dette understrekar Jesus tre gonger, tydlegare for kvar gong.

Søndagstankar-til søndag 19.juli 2020

Éin av ti sølvpengar. Ein sølvpenge svarar til ei dagsløn. Er dette alt ein har å berge seg på, vil det absolutt ha konsekvensar å miste éin. Endå ein gong eskalerer Jesus: Éin av to søner. Betydninga av eit barn treng ikkje utdjupast. Så dyrebar er vi i Gud sine auge. Og når vi kjem bort, leitar han etter oss, ber oss på skuldrane, og i alle tre likningane vert venner og naboar samla til å feire det som er kome tilbake.
Jesus viser oss kven Gud er, kva kjærleiken er: Ikkje at vi har elska Gud, men at han elskar oss. Denne bodskapen som står til alle tider. Men Jesus demonstrerer også det heilt konkrete eksempelet, der han omgjeven av farisearar og skriftlærde, drar for å ete saman med syndarar og tollarar. For Gud har glede over éin syndar som vender om.
Omsorga for den eine sauen er førebiletleg, men mange har kanskje spurd seg: kva med dei 99 andre? Omsorga for tollaren er førebiletleg, men kva med alle farisearane? Blir dei sjølvrettferdige som ikkje ser Gud sin kjærleik dømd, i motseiing til den angrande syndaren? Kontrasten er ein tankevekkjar, men det er ikkje skrive at hyrdingen forlét dei 99 sauane, og i teksten har heller ikkje Kristus forlete farisearane og dei skriftlærde. Han fortel ei likning! Og han spør dei: «Om ein av dykk har hundre sauer…» og inviterer dei til å prøve Gud sin synsvinkel. Likninga saman med Jesu eksempel i å dra til syndarar, er Jesu måte å presentere farisearane for sine synder – at dei dømer tollarar og ikkje gjev bortkomne moglegheita å få del i deira fellesskap. Dette er Jesus som kjem til farisearane. Gud som leitar, elskar dei, og ber dei vende om.
Les dette som ein invitasjon til å lese likninga frå tollaren sitt perspektiv: eg kjem aldri så langt bort, at Gud ikkje kan bere meg tilbake på skuldrane sine. Men også frå farisearane sitt perspektiv: i kyrkjelyden, stenger eg døra for dei bortkomne? Bryr eg meg ikkje om éin fer vill, medan Gud har sin største glede i den eine syndaren som kjem heim att?
Begge desse perspektiva er Kristus som vil ha oss hos seg.
“God comforts the troubled and troubles the comfortable”.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"