Tankar på skjærtorsdag og videogudsteneste frå Ålhus kyrkje

Å lese Bibelen med Corona-briller: Tankar på skjærtorsdag ved sokneprest i Førde, Holsen og Haukedalen, Ingvald Andersen Frøyen. Då kyrkjene ikkje vert brukt som vanleg denne påska, har kyrkjestaben i Jølster laga til ein video for kvar av dei ulike dagane i påska. Håper at dette kan vere ei lita erstatning for samlingane vi går glipp av. 

frå Haukedalen kyrkje Ingvald AF

Tekstene vi les frå Bibelen er:
Lukas evangeliet  22,14-23 og
Matteus evangeliet 26,17-30

Så nær kvarandre er dei no, - Jesus og læresveinane.
Han vaskar føtene deira. Tørkar dei.
Dei lagar til eit måltid saman.
Dei gler seg, over å vere saman,
over å skulle få ete god mat i godt lag.
Dei skal feire påskehøgtid.

Så sit dei der, samla,
og Jesus seier til dei:
«Eg har lengta inderleg etter å eta dette påskemåltidet
i lag med dykk
før eg skal lida».

Nattverden er truleg det sterkaste uttrykket for
fellesskap og kjærleik som vi har i kyrkja vår,
og eit høgdepunkt når vi samlast til gudsteneste.
Vi gler oss over å få vere saman.
Vi gler oss over å høyre til:
Vi tek imot dei gåvene Jesus gir oss og kjenner;
Vi er elska, - på tross av alt!
Vi er tilgjevne.
Vi får håp.

Å feire påske utan å kunne samlast kjennest ikkje berre rart,
men tomt.
Ikkje kjensla av nærleik til dei andre rundt altarringen;
eller smaken av nattverdbrødet og vinen i munnen.

Men vi får kjenne noko anna i år:
smaken av stengde kyrkjer,
kjensla av fråvær,
ja, - kanskje ei lengt etter det fellesskapet og det måltidet
som vart så sjølvsagt.

Påska er ikkje avlyst.
Gud er ikkje stengd inne i kyrkja,
og er ikkje taus!

Så kva vil han seie oss då,
no når vi ikkje får det kjende,
når livet og  verda har hoppa av hengslene?

Eg trur han seier:
Lukk auga dine og lengt!
Slik eg lengtar etter å møta deg.

Jesus sa:
 «Eg har lengta inderleg
etter å eta dette påskemåltidet
i lag med dykk!»

Bøn:
Vi ber for alle dei som har ansvar
og krevjande dagar for å halde samfunnet
i gang og for å redde liv.

Vi ber for alle dei som no lid
fordi dei ikkje vert sett.

Gud,
lat vår lengt føre til handling,
så vi ser deg i kvart menneske
vi møter.

Gje oss lys og håp,
så vi finn vegen
i tunge tider.

Amen.

 

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"