Det er tid for gjestebod!

Mange gjestbod og feiringar har blitt avlyst eller utsett i år. Bryllaup er utsett inntil vidare. Invitasjonar er haldne tilbake. Tankar til søndag 21.juni av soknepresten i Naustdal, Rigmor Frøyen.

Det er tid for gjestebod!

Når det er konfirmasjon eller bryllaup, brukar vi ofte bordkort. Det er nøye planlagt kven som skal sitje ilag. Jesus var i gjestebod hos ein farisear. Dei hadde nok oftast ein høg posisjon i samfunnet og i det religiøse livet. Jesus var altså i fint selskap kan vi seie. Han hadde lagt merke til at fleire valde seg dei beste plassane, øvst ved bordet.. Jesus iretteset dei. Den som set seg sjølv høgt skal setjast lågt.


Så fortel han likninga om mannen som skulle halde gjestebod, men mange bad seg unna. Dei hadde mangt og mykje å halde på med, nyttige, gode ting og viktige ting. Dei prioriterte ikkje selskapet dei vart inviterte til. Heile teksten står hos Lukas 14, 15-24


Har det hendt at du har blitt invitert , og ikkje har lyst å gå? Det kan vel hende vi kan finne på nokre unnskyldningar? Det passar ikkje dessverre, eg er opptatt. Eg kjenner meg ikkje heilt bra. Om mange takkar nei, er det skuffande for den som inviterer. Tanken kan kome: Vil ikkje folk kome til meg? Seier mange nei, kan verten finne nye å invitere; kanskje nokon som ikkje var tenkt på i første omgang?


Gud blir samanlikna med ein vert, som inviterer til fest og godt måltid; ikkje berre ei enkel suppe, med grovbrød til; her er det snakk om feite rettar, det aller beste du kan tenkje deg!(Jesaja 25, 6-9) Kvifor det?? Guds rike blir samanlikna med ein stad med overflod, der det er nok av alt, ingen skal svelt. Slike tekstar peikar framover på det fullkomne Guds rike, noko som ventar der framme.


«Kom, for alt er ferdig.» Slik lyder orda når vi dekker nattverdbord i kyrkja. Måltidet er enkelt, men rikt i innhald. Guds rike er ikkje berre noko som ventar ein gong der framme. Jesus har kome med dette riket til oss. På det vesle brødet (oblaten) er det prenta inn eit bilete av Jesus på krossen. Vi hugsar på Jesus død, men også oppstoda. Det er meir enn å minnast. Jesus har lova å kome til oss i brødet og vinen. Trua får «mat». Men også kroppen får noko. Du får smake brød og vin, og med handa tek du imot. Det konkrete og fysiske og det åndelege høyrer saman. Det blir ikkje spurt etter stilling , posisjon eller fine klede. Men du er spurt etter! Du er invitert, ikkje berre av presten, men av Gud sjølv! Kom, for alt er ferdig, på søndag i ei kyrkje i Sunnfjord. Eller i ei kyrkje ein annan stad!

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"