«Jeg vil lytte etter lyden av hans trinn» - om å leve med adventsforventning

Gjekk du glipp av gudsteneste sundagen som var? Her kan du lese bibelteksten for 2.sundag i advent og ei preike som vart halde av ein av prestane i Sunnfjord kommune. Denne gongen er det sokneprest i Jølster, Silje Sørebø som har skrive.

«Jeg vil lytte etter lyden av hans trinn» - om å leve med adventsforventning

Søndagens preiketekst: 2.sundag i advent.

Då skal dei sjå Menneskesonen koma i skya med stor makt og herlegdom. 28 Men når dette tek til å henda, skal de retta dykk opp og lyfta hovudet! For då skal de snart setjast fri.» 29 Så fortalde han dei ei likning:
«Sjå på fikentreet og alle andre tre! 30 Når lauvet sprett, då veit de av dykk sjølve at sommaren er nær. 31 Like eins veit de at Guds rike er nær når de ser at dette hender. 32 Sanneleg, eg seier dykk: Denne slekta skal ikkje forgå før alt dette hender. 33 Himmel og jord skal forgå, men mine ord skal aldri forgå. 34 Ta dykk i vare og lat ikkje hjartet dykkar bli sløva av rangel og drikk og sorgene i dagleglivet, så den dagen kjem like uventa på dykk 35 som ei snare. For den dagen skal koma over alle som bur på jorda. 36 Vak kvar tid og stund og be om styrke til å koma velberga frå alt det som skal henda, og bli ståande framfor Menneskesonen.»

Luk 21,27-36


«Jeg vil lytte etter lyden av hans trinn» - om å leve med adventsforventning.

Søndagens preike: «Jeg vil lytte etter lyden av hans trinn» - om å leve med adventsforventning
Eg har høyrt folk fortelje historier frå gamle dagar om vekkelser som fór over bygdene der forkynninga om dommedag og Jesus gjenkomst var valdsam og skremmande. Det var ei bygd der dei ein gong trudde at dommedag var komen. Jesus var i ferd med i komme tilbake. Folk vart skrekkslagne og løp heim til garden og slo ut alt dei hadde av brennevin og andre sterke saker. Jesus måtte jo ikkje sjå kva dei hadde i kjellaren sin. Då kunne dei vere ille ute. Dette var visstnok opplevingar som sette varige vonde spor i folk og som, gjorde at nokre , forståeleg nok, vart ganske så skeptiske til kristelege greier.
Eg har fått spørsmålet: Men du, trur du på dette, at Jesus skal komme igjen?
Eg har ikkje riktig visst korleis eg skulle svare på dette. Vi seier det jo i truvedkjenninga vår om Jesus Kristus at han: stod opp frå dei døde tredje dagen, fór opp til himmelen, sit ved høgre handa åt Gud, den allmektige Fader, skal koma att derifrå og døma levande og døde. Men eg skal innrømme at det ikkje er noko eg tenkjer så mykje på, og eg ser det heller ikkje konkret føre meg korleis dette skal skje.
Bibelen talar jo i bilete om dei tider som vi enda ikkje kjenner, men likevel så trur eg at eg vil seie: Ja, eg ber med meg dette som Bibelen og truvedkjenninga var seier om Jesu andre komme, ikkje som ei frykt, men som eit håp.
Eit håp som liknar på forventninga som eg som barn høyrde i den skjelvande gamle røysta til mormor då ho sat og spelte lyse triller på pianoet i stova og song salmen «I den stille klare morgon»: Se, han kommer! Jesus kommer! Fikentreet varsler sommer, vår forløsningstime kommer! Jeg vil lytte etter lyden av hans trinn.
Eller eit håp som liknar den gleda og forventning eg høyrde og såg i songen og dansen til kvinner eg møtte når eg som 19 åring budde i Kamerun. Eg hugsar blant anna ein song dei song om at denne verden skal forgå, men at Jesus aldri skal forsvinne.
Eg syns det var litt rart. Det verka jo ikkje så lysteleg, at verden skulle forgå, men kvinnene i Kamerun song desse orda med mykje klapping og glede. Og når eg har grunna på dette trur eg at eg forstår meir av det. Dei levde strevsame liv.
Mange av dei var eineforsørgjarar for både barn og barnebarn. Dei visste ikkje om dei i dagane og åra som kom ville ha pengar nok til mat, medisiner eller skulegong for barna sine.
Mange av dei hadde opplevd å miste familiemedlemmer som var unge, som enda skulle ha levd lenge.
Midt i ein slik krevjande kvardag song dei om eit framtidshåp, dei song med forventning og håp om at denne verden slik den no er med all liding og urettferd ein dag forsvinne, eller kanskje vi heller skal seie nyskapast, fordi den oppstadne Jesus, som aldri forgår, ein dag skal gjere verda ny.

Ja, eit slikt håp ynskjer eg å bere med meg, eit håp om at historia går mot si fullending og at framtida er lys, eit håp om at Gud ikkje har gløymt sitt skaparverk, men at han ein gong ved Kristus skal sette alt i si rette stand. Og når vi seier i truvedkjenninga at Jesus skal komme tilbake for å halde dom, så tenkjer eg at det er eit alvor ved dette, men det er også eit håpsperspektiv, fordi dom i bibelsk forstand handlar om gjenoppretting. Gjennoppretting av rettferd og fred, der det no er urett og liding.
Dette håpsperspektivet er viktig også i møte med den teksten vi las frå Lukasevangeliet om Menneskesonen som skal komme igjen.

Desse orda er ikkje meint som skremsel, men som trøystesord og håp for menneske som opplever liding og trengsel. Hald ut! Ikkje mist trua, håpet, motet sjølv om mykje vondt og skremmande kan skje rundt dykk! «Retta dykk opp, og lyft hovudet!
For då skal de snart setjast fri!» Sto det i teksten.
Så går det sjølvsagt an å innvende mot denne måten å tru og håpe på, at eit slikt framtidshåp kan verke passiviserande. Viss ein lever med det håpet om at Gud skal fikse alt i framtida ein gong, så er det ikkje så nøye med livet her og no, og med jorda som vi bur på.
Nokre gonger kan sikkert religion vere passiviserande på denne måten, men eg trur ikkje det treng vere slik, Tvert imot trur eg at håp og tru ofte skapar handling.
Så vidt eg kunne sjå, så var ikkje det kristne framtidshåpet noko som gjorde desse kvinnene frå Kamerun passive, som fekk dei til å berre legge seg ned å vente, nei, det var eit håp som gav dei mot og kraft og som fekk dei til å våke, be og arbeide og stå saman i deira daglege kamp for liv og helsa for dei som dei var glad i.
Ein av lesetekstene for denne søndagen er frå 1. korintarbrev kap. 15 der Paulus gjennom heile kapittelet skriv om oppstoda og håpet om det evige. Men det som kan vere verdt å merke seg, er at i konklusjonen vender han blikket mot notida, han samlar alle trådane i øyeblikket: «Difor, mine kjære sysken, ver støe og urikkelege.

Ta stadig rik del i Herrens gjerning! For de veit at i Herren er ikkje arbeidet dykkar nyttelaust.»(1. Kor 15, v 58)

I ei verd, der det er lett å få auge på alt som ikkje er som det skal vere, kan ein vel av og til vere freista til å tenkje: Kvifor kjempe for rettferd, kvifor kjempe mot fattigdom, kvifor bry seg om klima, når det kan verka som om uretten ingen ende vil ta og at det ikkje nytter likevel?

Men Paulus skreiv altså: «For de veit at i Herren er ikkje arbeidet dykkar nyttelaust» Når vi har vårt liv i Kristus, så er ingenting av vi gjer eller arbeider for av det som er godt, nyttelaust, fordi det kristne framtidshåpet, seier at Gud ikkje skal forkaste sitt skaparverk, men at han ved Kristus skal han nyskape det, slik at det er det gode blir ståande.

Ein klok person har sagt: Håp er å høyre musikken frå framtida. Tru er å danse etter den musikken i dag. Det er ei slik kvardagstru Bibelen oppmodar oss til å leve med: å bere med seg håp for framtida, men samtidig ikkje forlate den verda og det augneblinken vi lever i. For også her og no vil Gud skape noko godt i oss og gjennom oss ved Kristus.

Advent betyr komme. Det handler ikkje berre om han som ein gong kom som eit lite barn, eller som ein gong skal komme tilbake i herlegdom. Det handlar også om han som stadig kjem til oss. Han som er kjærleiken som omsluttar oss og bærer oss no midt i dei liva vi lever, midt i koronakrise og andre bekymringar.

I bibelselskapets sin bibelleseplan har eg funne denne bøna:
Gud, lei meg gjennom alle timar denne dagen.
Ver med meg i det eg er oppteken av.
Gjev fred i hjartet.
Lat meg få sjå Kristi andlet i alle eg møter.
Lat alle eg møter, få sjå Kristi andlet i meg.

Det kan vere ein fin bøn også no i adventstida. For er det ikkje nett ei slik forventning denne 2. adventssøndagen oppmodar oss til, ei forventning som gir håp for framtida, men som også får oss til å lytte etter lyden av Jesu trinn, midt i dei liva vi lever no, med forventning og håp om det gode som han gir og det han vil skape i oss og gjennom oss denne dagen?



Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"