Kven skulle vi gå til

Gjekk du glipp av gudsteneste sundagen som var? Her kan du lese ei preike som vart halde av ein av prestane i Sunnfjord kommune. Preika frå 15. november er det sokneprest i Naustdal Rigmor Frøyen som har skrive.

Kven skulle vi gå til

24.søndag i treeiningstida
Preike i Naustdal kyrkje, 15.november 2020
Tekst: Evangeliet etter Johannes 6, 63-69

«Det er Anden som gjer levande; kjøt og blod kan ingenting gjera. Dei orda eg har tala til dykk, er ånd og liv. Men det er nokre av dykk som ikkje trur.» For Jesus visste frå første stund kven det var som ikkje trudde, og kven som skulle svika han. Og han la til: « Difor sa eg at ingen kan koma til meg utan at det blir gjeve han av min Far.» Etter dette drog mange av læresveinane seg unna og gjekk ikkje omkring med han lenger. Då spurde Jesus dei tolv: « vil de òg gå bort?» Simon Peter svara: « Herre , kven skulle vi gå til?
Du har det evige livs ord, og vi trur og veit at du er Guds Heilage.» Johannes 6, 63-69

Det er mange val vi skal ta gjennom eit liv, nokre er lette, andre val er meir kompliserte. «Valgets kval» seier vi gjerne, når vi ikkje klarer bestemme oss for noko. Stor valfridom, og mykje å velje mellom er kjekt nokre gongar , og frustrerande ande gongar. Eg likar at det er fleire ostar å velje mellom, i butikken.
Litt meir alvor, å bestemme seg for utdanning, eller kor ein skal bu.

Søndagens tekst handlar også om å velje. Her handlar det om å satse på eit «parti», eit livsgrunnlag, eit tyngdepunkt i livet. Jesus utfordrar venene sine med spørsmålet: vil de òg gå bort?
Kven skulle eg gå til Det er så mange eg kunne gå til Så mange vegar eg kunne velje Så mange som er meir populære å lytte til
Men kor skal eg gå med heile mitt liv? Med alle mine nederleg, mine brot? Kven skulle eg gå til, om ikkje til den eine, som aldri vender seg bort frå meg, Skulle eg ikkje gå til den som tåler mitt sanne liv?
Vil du også gå bort spør han? Kan hende det ville vore enklare…. Vore heilt sin eigen herre… Men kven skulle eg gå til ?

Jesus søkjer ikkje etter popularitet eller førsteside-oppslag. Jesus var ikkje alltid ein god strateg. Han samlar mange folk rundt seg, og når dei blir begeistra seier han nokre gongar: de skal ikkje fortelje vidare alt dette; tida er ikkje inne for det. Nokre gongar stikk han seg unna for å finne ro og fred, når det vert mykje styr, eller folk vil ha fleire undergjerningar.

Det byrjar å spisse seg til rundt Jesus. Han har vist at han har stor makt. Held taler og gjer store gjerningar som får folk til å undre seg storleg. Mange vil ha meir. Men ein del byrjar å bli betenkte..
<» EG er livsens brød,» .sa Jesus, - og dei forstod at han snakka om seg sjølv.
Uhøyrt tenkte mange. Han opphøgjer seg sjølv i Guds stad .
Mange hadde flokka seg rundt han. Flokken tok til å minke.
Nokre gjekk kan hende med bøygd hovud.. andre med meir løfta blikk , med klar overtyding: dette kan eg ikkje tru på eller vere med på…
Kven kan høyre på slikt sa dei til kvarandre? Også ein del av dei som hadde vore læresveinar trekte seg unna…
Det vart for tøft, for vanskeleg, det vart uro blant dei lærde. Kanskje det er best å kome seg unna i tide…
Vil de òg gå bort?? Har Jesus ei sår stemme her? Eller er han streng- eller sint? Fortvila? Han stiller det i alle fall som eit ope spørsmål: de må også velje kva de vil gjere.
Eg tvingar dykk ikkje! Dei hadde også vore med på brødunderet… dei hadde vore der då han stilte stormen… fleire gongar tenkte nok også dei: kven er han eigentleg?

Vi trur og vi veit , sa Peter. Du er Guds heilage!! Peters sterke vedkjenning. Det er ikkje alltid vi kjenner oss så sterke i trua.
Vi veit jo også at den Peter som kjem med denne vedkjenninga, er den same som seinare nektar for at han kjenner Jesus.
Peter er den læresveinane som vi blir mest kjend med i evangelia. Han stig fram, med sin sterke og svake sider.
Høgt oppe, klar og tydeleg- langt nede når alt fell i grus. Men trass fall og svik, Peter held fast på dette vitnesbyrdet han kjem med: og forkynner det vidt og breitt- og står ved det like inn i sin død.

Medan vi sit her i kyrkja, har vi alle trekt pusten, pusta inn og ut , utan å tenkje nøye over det.
Pusten merkar vi helst når vi blir andpustne, eller når vi er ekstra nervøse for noko.
Vi merkar det godt når det blir tett luft og dårleg ventilasjon. Vi treng frisk luft, og vi treng frie luftvegar…

«Det er Anden som gjer levande» seier Jesus-. Trua treng også livspust. Trua kan vekse når dei vesle spirane, frøa, blir vatna og stelt med; får sol og varme. Ein song blir sungen for barnet, ei bøn blir bedt.
Ordet blir levande. I nærleiken av Jesus, skjer det noko.
Vi vert utfordra- til å søkje, til å lære meir, ta imot gåvene som vert gitt, på nytt og på nytt.
Nattverden, er eit gåvemåltid, der Jesus kjem til oss.. Vi lever i ei anna tid enn læresveinane.
Vi får ikkje sjå med auga på same måten som dei gjorde. Vi må bruke andre auge; trua sine «auge.» Det kan vere vanskeleg både å sjå og og begripe. Då trøystar eg meg litt med at dei forstod jo ikkje alt dei som levde nær Jesus heller, og Jesus lova å gje oss ein hjelpar på vegen, Guds ande.

«Vil de òg gå bort?» Eg vel å tru at Jesu spørsmål ikkje er ei anklage, men ei utfordring. Å « å gå bort» (i meininga å gå sin veg) er noko anna enn «å gå seg bort». Ho gjekk seg bort, seier vi gjerne om ein person som forvillar seg i fjellet, ein som ikkje finn heilt fram , eller det kan vere ein
som rotar seg litt bort i eige liv. Jesus er som gjetaren, ute på leiting, oppsøkjande, ventande… speidande…
Han ynskjer ha oss med i følgjet. Der får vi vere om vi kjenner oss sterke eller svake, opplagde eller slitne, vaklande i trua eller fulle av glød.

«Hvem skal vi gå til, Herre, vi som famler i mørket? Gi oss ditt lys, la det skinne klart. Herre, miskunne deg.»
Norsk salmebok nr 480 vers 1

 

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"