Fattig og rik på same tid

Gjekk du glipp av gudsteneste sundagen som var? Her kan du lese ei preike som vart halde av ein av prestane i Sunnfjord kommune. Preika frå 1. november er det sokneprest i Jølster, Silje Sørebø, som har skrive.

Fattig og rik på same tid

Då Jesus såg folkemengda, gjekk han opp i fjellet. Han sette seg, og læresveinane samla seg om han. Då tok han til orde og lærte dei:

«Sæle dei som er fattige i ånda,
himmelriket er deira.

Sæle dei som sørgjer,
dei skal bli trøysta.

Sæle dei audmjuke,
dei skal arva jorda.

Sæle dei som hungrar og tørstar etter rettferda,
dei skal bli metta.

Sæle dei miskunnsame,
dei skal få miskunn.

Sæle dei reine i hjartet,
dei skal sjå Gud.

Sæle dei som skaper fred,
dei skal kallast Guds born.

Sæle dei som blir forfølgde for rettferd skuld,
himmelriket er deira.

Ja, sæle er de når folk for mi skuld spottar og forfølgjer dykk, lyg og talar vondt om dykk på alle vis. 12 Gled dykk og jubla, for stor er løna dykkar i himmelen. Slik forfølgde dei òg profetane før dykk.
Matt 5,1-12

 

Eg hugsar ei av dei første gravferdene eg var i då eg var ung. Det var ei eldre dame som skulle gravleggast. Det var det ein ville kalle ein naturleg død og nokon ville kanskje til og med seie ein lett gravferd. Men då vi sto ute på grava såg eg eit syn eg aldri gløymer. Eg såg enkemannen som sto ved gravkanten, og det var som om den gamle krokbøygde kroppen ville følgje etter kista ned i jorda. Han sto der så åleine, og det var som om augo mine kunne sjå alle dei usynlege banda som gjekk mellom hans kropp og ho som ikkje lenger var der, men som han hadde levd så tett med i meir enn eit halvt liv. Det var som om han sto der og ikkje var heile seg lenger no når ho var borte.

Men og såg også noko meir, noko som eg ikkje hadde ord for den gong. Nemleg at han som sto midt i sorga og smerta, også eit vis også rik. Han var rik fordi han hadde elska og fordi han hadde hatt henne i livet sitt. For sorga er kjærleiken si røyst. Ei røyst som seier du var uendeleg verdifull for meg.

Det er slik eg hugsar synet av denne gamle mannen som sto ved gravkanten, ein som på eit aller anna vis var både fattig og rik på same tid. Sidan har eg sett dette mange gonger. Og det er kanskje fleire av oss som også sjølve har hatt ei liknande erfaring av å stå ved gravkanten.

Helgemesse, dagen då mange kyrkjer har minnegudstenester og mange går på gravene med lys, kan vere ein dag for dei mange ulike kjenslene. Vi kan kjenne oss fattige, fordi vi kjenner på saknet og tomheita etter nokon som vi var glad i som ikkje er her lenger. Vi kan også kjenne på rikdom, fordi vi får rette blikket mot menneske vi ynskjer å minnast, enten dei døde dette året, eller for mange år sidan, menneske som gav oss noko viktig i livet, menneske som på ulike måtar har vore førebilete for oss ved livet dei levde eller trua dei bar med seg og slik gjorde liva våre rikare.

Preiketeksten, Jesu ord i frå saligprisningane, tenkjer eg også på eit vis handlar dette, om at det går an å vere fattig og rik på same tid. Det er underlege ord desse saligprisningane, og om vi ikkje hadde kjent til resten av historia om Jesus kunne ein nesten tru at orda var ironiske. For kven er det Jesus priser sæl? Kven er det han «gratulerer»? Jesus ser utover ei folkemengd som hadde samla seg rundt han, fattige menneske, som bar med seg sine sjukdomen og plager, sorger og fortviling, og så begynner han slik: Sæle dei fattige i ånda, himmelriket er deira, sæle dei sørger, dei skal trøystast, sæle dei audmjuke, dei skal arve jorda, sæle dei som hungrar og tørster etter rettferda, dei skal mettast …Menneske tenkjer vel lett at den rike har det betre enn den fattige og at den vellukka som fiksar livet sitt sjølv, har det betre enn den som treng hjelp. Her i orda til Jesus blir alt snudd på hovudet. Det å vere rik og mektig eller vellukka, kan kanskje gjere oss lukkelege på kort sikt, men det er ikkje dette som gjer oss sæl, i følge Jesus.

Eg høyrde som barn ein gong ein samtale mellom to vaksne. Samtalen var nok ikkje meint for meg, men nokre gonger har barn lange øyre. Det var to vaksne som hadde ein diskusjon om kristen tru. Den eine av dei var frustrert. Ho sa noko slikt som dette sa: De kristne skal liksom vere så mykje betre enn alle andre, fiksar liksom alt, perfekte og sjølvgode, ingen riper i lakken…….Eg hugsar ikkje kva den andre svarte, er ikkje sikkert ho svarte noko særleg. Men seinare i vaksen alder har eg fleire gonger tenkt på dette som vart sagt, og så har eg tenkt at om kristen tru eller himmelrike var for dei som fiksa alt, ja då var i alle fall dette ikkje for meg. Og kanskje ikkje for så mange andre heller …

Men Jesus sa jo heldigvis noko anna, han seier at den som kjenner seg fattig i seg sjølv, han har del i himmelriket. Den som kjenner seg fattig kan altså vere rik på same tid. Så er det kanskje ikkje nødvendigvis så lett for alle oss som bur i Norge å identifisere oss med folkemengda av materielt fattige som sto rundt Jesus den gong heldt si bergpreike, men på den annan side, kven har vel ikkje følt seg fattig i seg sjølv? Kven har vel ikkje kjent på at vi kjem til kort? Kven av oss har vel ikkje i løpet av livet kjent på smerte, fortviling, sorg, sakn og lengsel? Og når det gjeld det som ein gong skal møte oss alle, døden, kven har vel noko som helst å stille opp med, uansett kor materielt rike eller vellukka vi skulle vere? Men Jesus sa altså: Sæle dei som er fattige i ånda (dei fattige i seg sjølve) himmelriket er deira. Sagt på ein annan måte: Sæle dei som ikkje er nok i seg sjølv, men som treng Gud og andre menneske, som lengtar og håpar på ei betre verd, himmelriket er deira.

No sa Jesus riktig nok også: Sæle dei reine av hjartet og sæle dei miskunnsame. Men eg trur heller ikkje dette handlar om å vere perfekt. Eg trur heller det handlar om å vere ærleg om eige liv og å møte andre menneske med miskunn og tilgjeving fordi vi veit vi treng det sjølv.

Når Jesus i saligprisningane snakkar om å være sæl må det altså handle om noko langt meir enn ein overflatisk lukkekjensle, og det handlar slett ikkje om materiell rikdom eller å vere vellukka. Det handlar om noko djupare, om å få rekke fram tomme hender og ta imot den rikdommen som Jesus gjev midt i vår fattigdom. Nåden og kjærleiken frå han som sjølv blei ein fattig, kjente sorg og smerte på kroppen og gjekk gjennom døden for vår skuld. Nåden og kjærleiken som ber oss her og no, men som også er sterk nok til å bere oss gjennom døden og inn i det evige livet der rettferda skal råde, der tårene skal tørkast, gjensynsgleda og lovsongen lyde.

Bøn 
Din fred skal aldri vike
din miskunn varer ved!
Når stormvær slår imot oss,
lar du oss finne le.
I ensomhetens timer,
i savnets tyngste stund,
forblir du hos oss, Herre,
hvert smertefylt sekund.

Vær fortsatt ved vår side,
når stormen stilner av.
Vær nær oss når vi søker
til våre kjæres grav.
Gi at vi aldri mister
velsignelsen fra dem,
men alltid bærer med oss
det gode de bar frem.

Snart går vi ut av tiden
og våre navn blir glemt,
men, Gud, i din erindring
er vi for evig gjemt.
Det liv som blir til intet,
er i din skaperhånd.
I trygghet overgir vi
til deg, o Gud, vår ånd.

(salme nr 870 i salmeboka)

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"