Palmesøndag – glede kan også smitte!

Dagen etter fekk den store folkemengda som var komen til høgtida, høyra at Jesus var på veg inn i Jerusalem. Då tok dei palmegreiner og gjekk ut for å møta han, og dei ropa: ”Hosianna! Velsigna er han som kjem i Herrens namn, Israels konge!”  Johannes 12,12-13. Her kan du lese øndagstankar ved sokneprest i Gaular, Frode Skeide og sjå video frå Helgheim kyrkje.

Palmesøndag – glede kan også smitte!

Når 3. klassingane kjem til påskevandring i Gaular byrjar vi lengst bak i kyrkja. Fleire elevar har meldt seg til å vere esel, andre vil vere Jesus. Jakkene ligg frametter midtgangen, og på kvar side ei rekkje med born som står klare med huver og vottar. Det er latter og forventning til Jonas som er esel og Tiril som er Jesus. Så kjem dei. Og kyrkja blir fylt av ”Hosianna! Hosianna! Hosianna!” Medan huver og vottar fyk opp mellom lysekrunene! - Ein gong måtte ein elev på galleriet etterpå for å finne att huva. Eller var det votten? Moro var det i alle fall.

Som på dagen då Jesus kom ridande på eit esel. Eselet gjekk så sakte at rykte alt har gått framføre Jesus. (Rykte er jo det einaste som går fortare enn lyset…)

Rykte var at Jesus hadde vekt opp att vennen Lasarus frå grava! Fleire kunne fortelje at dei hadde vore for å sjå Lasarus sjølv – at det var sant! Trøyst og teikn for eit prøva folk som drøymde om ei betre framtid og ein ny konge av sine eigne. No kjem Jesus snart hit! ”Hosianna!”
Undertrykt håp bobla opp til ein hyllest av Jesus utanfor byen, eit opptog av glade menneske som vinka med palmegreiner og la kappene sine på vegen medan dei glade ropa ”hosianna” slik at vi enno høyrer det medan vottar og huver fyk i lufta hundrevis av mil og eit par tusen år etter i ei lita landsens kyrkje her nord.

Eit prøva folk lengtar etter trøyst og teikn om betre framtid. Er ikkje det også vår lengsel i desse dagar? Mange er redde for helsa si og for sine næraste verda rundt. Mange er i sorg. Kloden rundt er folk flest blitt tvinga til å bremse kraftig opp. Fly står på bakken, trafikken er nesten stoppa opp og mange, svært mange er engstelege for arbeidsplassen sin og kva framtida vil gi. Det blir i sanning ei ”stille veke” i det vi går inn i påskehøgtida dette året. Vi er blitt sterkt minna om at vi er sårbare. Jesus visste også, midt i mylderet, at hans veg gjekk mot krossen som stadig står der og minner oss om at livet ikkje alltid går dit me vil. Det skulle bli verre før det vart betre. Er det ikkje det vi høyrer også i våre dagar?

Rykte om Jesus er framleis blant oss. ”Hosianna!”
- Og eselfart kan faktisk vere godt for noko. Når vi ikkje susar gjennom
kvardagane våre får vi meir tid til å sjå: Tid til å sjå oss sjølve. Tid til å sjå og tenkje på andre. Dei vi vanlegvis susar forbi.
Kanskje ser vi nokon vi kan vise litt ekstra omtanke? Vi har lov til å prate med kvarandre! Vi har lov til å ta ein telefon. Vi har lov til å gjere nokon som treng det ei teneste. Vi har lov til å smitte kvarandre med glede! – Og dele ut håp.

Evangeliet om Jesus Kristus handlar ikkje om ein Gud som vernar oss mot alt som er vanskeleg. Kristen tru handlar ikkje om fråvær av liding, men nærvær i kvardagen anten det er medgang eller motgang som møter oss. Kristen tru handlar om at vi midt i prøvingane alltid kan sjå framover med håp mot ei betre framtid. For det er alltid ei framtid med Jesus. Midt i alle prøvingar kan vi mobilisere eit ”Hosianna!” Jesus er hos oss!

- Ære vere Faderen og Sonen og Den Heilage Ande, som var og er og vera skal éin sann Gud frå æve og til æve.

Søndagen tekst er Johannes 12,12-24

Då kyrkjene ikkje vert brukt som vanleg denne påska, har kyrkjestaben i Jølster laga til ein video for kvar av dei ulike dagane i påska. Håper at dette kan vere ei lita erstatning for samlingane vi går glipp av. 

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"