”Sauer er ålreite dyr ...”

Søndagstankar frå Frode Skeide, sokneprest i Gaular og video med Silje Sørebe på besøk hos sauebonden Helge Torpe.

”Sauer er ålreite dyr ...”

Eg [Jesus] er den gode gjetaren.
Den gode gjetaren set livet til for sauene.
Men leigekaren, som ikkje er gjetar og ikkje eig sauene, han lèt sauene vera og rømmer når han ser ulven koma. Og ulven herjar mellom dei og jagar dei frå kvarandre. For han er leigekar og har ikkje omsorg for sauene.
Eg er den gode gjetaren.
Eg kjenner mine, og mine kjenner meg, slik som Far kjenner meg og eg kjenner Far. Eg set livet til for sauene.
Eg har òg andre sauer, som ikkje høyrer til i denne flokken. Dei òg må eg leia; dei skal høyra mi røyst, og det skal bli ein éin flokk og éin gjetar.
Far elskar meg fordi eg set livet til så eg kan ta det tilbake. Ingen tek livet mitt, eg gjev det frivillig. Eg har makt til å gje det, og eg har makt til å ta det tilbak. Denne oppgåva fekk eg av Far min.
Johannes 10,11-18

Frå min oppvekst har eg gode minne om både lamming og saueleiting og kjenner godt att denne gjensidige kjennskapen som var mellom far min og sauene. Når han ropa, så svara dei, - og så kom dei skramlande med bjølla om halsen for å få mjøl på dei mange turane i fjellet for å sjå etter dei. Kjennskapen gjekk like ned i gryta heime. Han brukte å erte mor mi med å sei: ”Å nei, er det du som ligg her!” når han letta på loket og me skulle ha smalahove til middag. For det er jo slik det er. Sauehald er også matauk.

Eg har ikkje problem med å forstå at eigaren har meir omsut for sauene enn leigekaren. Men ein superhyrding som gjev livet sitt for sauene, - då er me over ei grense. Det finst ikkje! Så verdfulle er ikkje sauene! Dette er merkeleg! Her blir alt snutt på hovudet. Det er hyrdingen som må døy for at sauene skal få leve!

Og det er jo sjølvsagt nettopp det som er poenget. Jesus snakkar om ein ekstremt omsorgsfull hyrding for nokre sauer som må vere ekstremt verdfulle. Me skjønar at det er Han som er den merkelege hyrdingen som er villig til å gje livet sitt for oss som er dei verdfulle sauene.

I påska viste Jesus at det han sa ikkje berre var tomme ord. Halleluja.


- Ære vere Faderen og Sonen og Den Heilage Ande, som var og er og vera skal éin sann Gud frå æve og til æve.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"