Tid for hagestell - søndagstankar og gudstenestevideo frå Sande

I min barndom vaks eg opp i ei bygd ved Sognefjorden som bogna av frukthagar der det no veks bringebær. Frukthagar av den gamle typen med høge pæretre, epletre, plommetre, kirsebær- og morellbærtre. Vintre fanst det rett nok ikkje. Men eg kjenner meg att i det bilete Jesus brukar når han snakkar om seg sjølv som vintreet og oss som greinene: Korleis ein fjerna greiner og reinsa opp for at treet skulle bære mykje frukt. Nokre tre var spesielle ved at det var poda inn greiner frå andre fruktslag på stamma. Og no på våren brende ein greinene ein hadde fjerna i store bål.

Tid for hagestell - søndagstankar og gudstenestevideo frå Sande

- Jesus seier:
Eg er det sanne vintreet, og Far min er vinbonden.
Kvar grein på meg som ikkje ber frukt, tek han bort, og kvar grein som ber frukt, reinsar han så ho skal bera meir frukt.
De er alt reine på grunn av det ordet eg har tala til dykk.
Ver i meg, så er eg i dykk. Som greina ikkje kan bera frukt av seg sjølv, men berre når ho er på vintreet, slik kan heller ikkje de bera frukt viss de ikkje er i meg.
Eg er vintreet, de er greinene. Om de blir i meg og eg i dykk, då ber de mykje frukt, men skilde frå meg kan de ingen ting gjera.
Den som ikkje blir verande i meg, blir kasta ut som ei grein og visnar. Greinene blir samla saman og kasta på elden, og dei brenn.
Blir de verande i meg, og blir orda mine verande i dykk, så be om kva de vil, og de skal få det. For ved dette lyser herlegdomsglans om Far min, at de ber mykje frukt og blir mine læresveinar.
(Johannes 15,1-8)

Eg likar det Jesus seier til læresveinane sine når han har fortalt om korleis vintreet blir reinsa. ”De er alt reine på grunn av ordet eg har tala til dykk. Ver i meg, så er eg i dykk. Som greina ikkje kan bæra frukt av seg sjølv, slik kan heller ikkje de bæra frukt viss de ikkje er i meg.”

Dette kan vi som er læresveinar i dag ta til oss. Som ei viktig påminning. Jesus kjem også med ei viktig åtvaring. Det er ikkje treet som støyter greinene ut. Ber greinene om næring, skal dei få det! Men trua vår skal bære frukt. Vi skal ikkje berre overleve, vi skal gi frukt! Som andre kan glede seg over. Det er me kalla til. Ikkje til å vere egoistiske, passive greiner som berre så vidt held oss i live, men til å vere medmenneske som gir frukt til andres glede! Det trur eg det er sunt å bli minna om, øve oss i og vise. Alt i dag, eller seinast i morgon og før me gløymer det, kan me sei noko fint til ein person, - som me elles ikkje ville sagt om me ikkje høyrde det Jesus har å sei oss i dag. Noko fint som vil gjere dagen litt lettare for den personen me seier det til. Eller me kan gjere ei lita teneste, som me elles ikkje hadde tenkt å gjere, for å gjere dagen litt lettare for eit medmenneske. Det skal så lite til! For at dagen skal bli litt kjekkare for eit medmenneske. Skal me legge oss det på sinne i dag? Kanskje veit vi alt ein person eller to vi kan gjere det til? Det er frukta av å vere eit godt medmenneske – og ein Jesu læresvein! Lukke til og Gud signe frukta av ditt arbeid!

- Ære vere Faderen og Sonen og Den Heilage Ande, som var og er og vera skal éin sann Gud frå æve og til æve.

Soknepresten i Gaular, Frode Skeide

Videoen under er spela inn i Sande kyrkjelydshus i Gaular sokn. Medverkande: Frode Skeide, Ragnhild Stav og Idar Senneseth. Video: Ika Tskhovrebashvili.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"