«Du vår med ljose dagar, med lengting liv og song» - med video

Livet her nord er knytt til dei skiftande årstidene og fyller dei fleste av oss med forventning og glede, men kanskje og med uro. Våren kom seint med tilbakefall av snø og kulde på 17.mai. Likevel er det vel den mykje omtalte koronaen, som har ført til mest uro og ulage. No har vi fått lempa på restriksjonane og kan samlast i familie og til gudsteneste og andre samlingar. Det er tid for å samlast og gle seg over sommaren med alt den har å gje til alt som lever.

«Du vår med ljose dagar, med lengting liv og song» - med video

Elias Blix var ein meister til å uttrykke den bibelske bodskapen om livet og håpet til det som rører seg i naturen gjennom dei skiftande årstidene, slik som i salmen: No livnar det i lundar. «Det er vel fagre stunder når våren kjem her nord og atter som eit under nytt liv av daude gror.» Dersom vi syng alle dei 12 versestrofene, vil vi sjå at salmen er ein pinsesalme. «Så sende Gud sin Ande som dogg på turre jord. Då vakna liv i lande, då grøddest vent Guds ord.»

Guds Ande gjev og skapar liv i naturen og i hjarta vore: «Guds kjærleik er aust ut i hjarta vore ved Den heilage ande som han har gjeve oss.» (Rom 5,5). Difor kan vi frimodig gå framtida i møte i venting og takk for alt Gud gjev og skapar.

Tida frå pinse og fram til advent vert kalla for treeiningstida, kvar ein sundag blir vi minna om det Guds ande skapar av liv og håp i samfunnet og i den einskilde av oss. Ved eit mistak sa ein av tekstlesarane treningstida, då Guds ord skulle lesast. Kanskje var det ikkje så dumt sagt? Målet er at vi skal leve og vekse i den kristne trua, slik det vert uttrykt ved kvar ein dåp. Då treng Anden få arbeide med oss gjennom heile året. Mange har sakna å kunne møtast regelmessig til gudsteneste til fornying av håp og tru. Difor er det ei stor glede at vi kan samlast til fellesskap i bygd og by. Så lat ikkje din plass stå tom når kyrkjeklokkene kallar til fellesskap og feiring.

Petter Dass, ein annan av salmediktarane her nord, har ei bøn som handlar om liv og vekst:
La livets kilde flyte, så ingen stanser den!
La folkeslag seg fryde mens tiden farer hen!
La lykkes Jesu navn,
så vi vår vei kan finne inn i din faderhavn. 
(Norsk salmebok 371 v.4)

God sommar!

Reidar Knapstad

Vi er glade for å kunne invitere til mange gudstenester på pinsedag i sunnfjordkyrkja og at vi ynskjer alle ei velsigna pinsehelg med denne videoen med pinsesalmar.

 

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"