Velkomen i kyrkja igjen!

Sunnfjord kyrkjelege fellesråd er veldig glad for at me kan invitere til gudsteneste frå 21. mai. Alle som kjem skal føle at det er trygt å vere til stades. Difor ber me alle om å ta omsyn til smittevernet som er omtala i denne artikkelen. Det er med blanda kjensler at me ikkje kan ønskje absolutt alle som vil, velkomen til gudsteneste.

Velkomen i kyrkja igjen!

Gradvis gjenopning av kyrkjer for gudsteneste

Den norske kyrkje vil at alle som kjem til gudsteneste skal bli informert om retningslinene. Det er også eit krav til kyrkjelydane om å lage rutinar for trygg gjennomføring.

Smittevernrettleiar er utarbeida av Kyrkjerådet i samarbeid med Bispemøtet, KA - arbeidsgiverorganisasjon for kyrkjelege verksemder og styret i Norges kyrkjeverjelag. Rettleiaren har vore drøfta med aktuelle fagforeiningar på kyrkjeleg sektor og hovudverneombodet for prestane og fellesrådstilsette.
Rettleiaren er vurdert av Barne- og familiedepartementet 02.05.2020 og er i samsvar med Folkehelseinstituttet si smittevernrettleiing. Kyrkjerådet sitt arbeidsutval har godkjent rettleiaren til bruk i Den norske kyrkje 04.05.2020.

Generell informasjon 

Vi oppmodar kyrkjelyden til å ta omsyn til reglane for smittevern. Unngå offentleg transport til kyrkja. I dei kyrkjene det er fleire inn- og utgangar vil desse vere opna for inngang og utgang for å unngå trengsel. Presten vil oppmode til avstand og at deltakarane ikkje stoppar opp før de er komen ut på plassen. Avstanden gjeld også utanfor kyrkja.

Ved gudsteneste og andre kyrkjelege arrangement

  • Minimum 1 meters avstand, gjeld ikkje personar i same husstand
  • Vi har gode rutinar for handhygiene og reinhald
  • Minst mogeleg felles bruk og berøring av utstyr
  • Tilsette og frivillige har særleg ansvar å følgje helsestyresmaktene sine råd og pålegg

Kven kan ikkje kan delta på kyrkjelege arrangement?

  • Dei som kan vere koronasjuke
  • Dei som sit i karantene
  • Dei som har symptom på luftvegsinfeksjon

Gudstenester - tiltak i kyrkjerommet

  • Vi må registrere namn for eventuell smittesporing jmfr. Covid-19-forskriftens §13 Namnelistene blir makulert etter 14 dagar.
  • Vi nyttar kun annakvar benkerad i kyrkjene, for å sikre avstand.
  • Galleriet er kun tilgjengeleg for kantor/organist og elles etter avtale.
  • Kyrkjevertane informerer dei som kjem inn, om gjeldande reglar og viser til bruk av handsprit for å sikre god handhygiene. Handsprit er tilgjengeleg for deltakarane.
  • Informasjon om generelt smittevern.
  • Mikrofonar, instrument eller bøker skal ikkje rørast av andre enn den som skal bruke utstyret og materiellet.
  • Dersom bruk av salmebøker, så hentar du sjølv bok bak i kyrkja, og vi ber deg sette den tilbake.
  • Kyrkjetenar/kyrkjevert sørgjer for at folk plasserer seg med god avstand (gjeld ikkje dei i same husstand)
  • I innleiinga til gudstenesta informer presten kyrkjelyden om spesielle rutinar.
  • Vi må også huske avstand når vi forlèt lokalet
  • Det blir ikkje kyrkjekaffi

Nattverd - særskilte tiltak

  • Vi nyttar særkalkar ved nattverd
  • Særkalkane vert plassert med godt mellomrom på eit brett, som igjen vert plassert på eit bord framme i kyrkja. Det vert lagt eit reint klede over.
    Kyrkjetenar som ordnar dette vaskar hendene godt før igangsetjing og bruker handsprit under prosessen.
  • Det må ikkje vere direktekontakt mellom prest/nattverdutdeler og deltakarane.
  • Vi mottar nattverden medan vi står, og knelar ikkje ved altaret.
  • Deltakar tek ein kalk, strekk den fram for utdelar. Utdelar legg oblaten i kalken. Deltakar tek oblaten og rettar fram kalken for vinen frå utdelar.
  • Prest/medliturg som førebur utdeling av vin og brød skal ha god handhygiene og har lett tilgang til handsprit under gudstenesta.
  • Presten er nøye på informasjon i kunngjeringane.

Dåp

Det er mogeleg med eigne dåpsgudstenestar slik situasjonen er i dag. Ta kontakt med kyrkjekontoret sjølv om du ikkje finn tilbod om dåp i kalenderen.
Prestar tek kontakt med alle dåpsfamiliar som allereie har avtaler, og avklarar korleis dåpen skal skje. Sjølv om reglane kan endre seg, skal kyrkja forsøke å gjennomføre dåp som planlagt. Dåp kan gjennomførast på ordinær måte.

  • Dåpsfølget som står ved døypefonten saman med presten, bør bestå av få personar.
  • Ved grundig handvask i forkant, kan dåpshandlinga gjennomførast på vanleg måte utan bruk av hanskar: Å teikne korsets teikn på panna, ause vatn over barnets hovud, tørke av barnets hovud og handspålegging.
  • Det vert tilrådd at presten eventuelt lar ein i dåpsfølget løfte barnet fram for kyrkjelyden i etterkant av dåpshandlinga, og at barnet blir halde av same person gjennom dåpshandlinga/gudstenesta. 

Kyrkjeleg gravferdsseremoni

  • Begrensning for maksimalt deltakartal vert følgd. 
  • Alle reglar for smittevern vert følgd.

 

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"