Alle barn kan komme!

Kyrkja i Sunnfjord sender invitasjonar til barn i alle sokn ut frå medlemsregisteret til Den norske kyrkja. Om dine barn ikkje er medlem, kan du likevel melde dei inn som gratis trusopplæringsabonnentar. Dei vil då få same invitasjonane som medlemmane.

Barn ved kyrkja - av Elisabeth Moseng

Dåp og medlemskap
Når ein vert døypt i Den norske kyrkja vert ein også medlem. Det er ingen aldersgrense for dåp.

Er ein døypt i eit anna kyrkjesamfunn, kan ein melde seg inn i DNK ved å levere kopi av dåpsattest. (OBS: ein kan ikkje vere medlem av fleire trussamfunn samstundes, og må i tilfelle melde seg ut av det første).  

Meld deg inn eller sjekk medlemsstatus her.

Dåpsløftet og trusopplæringsarbeidet
Når eit barn vert døypt, seier foreldra og fadrane ja til at barnet skal "oppsedast til eit liv i den kristne forsakinga og trua". Dette er mandatet som kyrkja får til å drive trusopplæringsarbeid, i lag med foreldre, fadrar og kyrkjelyden.

Gratis trusopplæringsabonnement
Om barna dine ikkje er døypte eller medlem i DNK, kan du likevel melde dei inn som abonnentar i trusopplæringa (opnar nytt vindu). Dei vil då få brev i posten på lik linje med medlem. Alle barn er velkomne i kyrkja på trusopplæringstiltak!!

Kva blir dei inviterte til?
Vi sender ut skriftlege invitasjonar til bokutdelingar, og større arrangement som krev påmelding, som t.d. Tårnagent og Lys vaken. Her finn du oversikta over trusopplæringstiltak i kyrkja i Førde, Holsen og Haukedalen, Gaular, Ålhus og Helgheim og Naustdal sokn.

Alle er velkomne alltid! 
Kyrkja forkynner bodskapen om Jesus Kristus. "GUD GIR - VI DELER" er overskrifta i trusopplæringa i Den norske kyrkja. Jesus viste gjennom si forkynning og handling at ungane var særleg viktig. Versa frå Bibelen som fortel om når Jesus tok barna inn til seg og velsigna dei, les vi alltid i dåpsliturgien. Vi ynskjer alle velkomne inn til samlingar og gudstenester, der vi deler dei gode nyhendene (evangeliet) om Jesus på ulike måtar. Songar, preike og regi blir lagt med særleg tanke på ungane i dei gudstenestene som trusopplæringa inviterer til. Men ungar er ALLTID velkomne med i gudstenestene. I alle kyrkjene våre har vi anten "Kyrkjesekkar" (inneheld teikneutstyr og barnebøker) og/eller barnekrok der ein kan sitte og teikne. Ta kontakt med ein kyrkjevert, så får du hjelp til å finne fram.

Du er hjarteleg velkomen til å ta kontakt ved spørsmål.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"