Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

Dale kyrkje

Dale Kyrkje er av typen langkyrkje, bygd i 1955 i betong. Arkitekt Arnstein Arneberg. Kyrkja har galleri med orgel, og sitjeplassar til ca.600. Spissbogestilen (gotisk) er gjennomført alle stader i kyrkja.

Altertavla er måla av Hugo Lous Mohr i 1958, og syner Jesus og læresveinane kring nattverdbordet skjærtorsdag. Øvst ser vi den oppstandne Kristus og bakom han tornekvistane. Handa hans er lyfta til velsigning.


Orgelet er elektropneumatisk, frå Norsk orgel- og Harmoniumfabrikk, med piper frå Steinmeyer, 1956. Orgelet har 36 stemmer, 45 register og elektrisk spelebord med tre manualar og 2500 piper. Orgelprospektet er teikna av arkitekt Arneberg.

Kyrkjeklokkene er levert av Nauen Klokkestøyperi og veg 340 kg og 580 kg. På den minste klokka står det: "Kalla på gamal og på ung, mest då på sjeli trøytt og tung, sjuk for den evige kvile." På den største står det: "Lova Gud i hans heilagdom, lova han i hans sterke kvelv." Frå Salme 150.

Altartavla frå den gamle Dale kyrkje heng ved døypefonten. Den er måla av Nils Bergslien, Voss.

Preikestol og døypefont er utskårne av av treskjærar Jakob Hjelle, Syfteland i Os. Midt foran på preikestolen er Såmannen som sår Guds ord. Vi ser også dei fem kloke og dei fem dårlege bruremøyane på kvar side. Ørna foran lesebrettet er eit symbol på evangelisten Johannes. Under kuppelen ser vi Den heilage Ande symbolisert som ei due. På kuppelen ser vi murane kring Jerusalem og øvst står Jesus Kristus.

Antependiet - teppet foran altaret - er av kvit damasksilke og har isydd livsens tre med krossen i toppen og er teikna og sydd av Birthe Arneberg Quesseveur.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"