Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

Dei politiske partia i Vaksdal og kyrkja

Det skal snart veljast nytt kommunestyre. Noko av det politikarane i Vaksdal gjer er å bestemme kor mykje pengar Den norske kyrkja si verksemd i kommunen skal få. Slikt blir bestemt ut frå kommuneøkonomien, men vert og påverka av korleis dei ulike partia ser på kyrkja og hennar verksemd i kommunen.

Politikarane har ikkje noko formell styringsrett over desse midlane, det er det Vaksdal kyrkjelege fellesråd som har. I år har kommunen løyva noko over fire millionar kroner til kyrkja sitt driftsbudsjett. Drifta av gravplassane er haldne utanfor.Kyrkjebladet for Vaksdal har spurt partia korleis dei stiller seg til det kyrkjelege arbeidet, og her er svara. For ordens skuld: Redaktøren i Kyrkjebladet er og listetopp for eit av partia, men er ikkje involvert i arbeidet med dette oppslaget i bladet. Partia fekk like mykje plass til rådvelde, men som ein kan sjå har dei sendt svar med ulik lengd.

Spørsmåla dei fekk:
1. Kva plass og rolle ynskjer partiet at kyrkja i Vaksdal skal ha i lokalsamfunnet?
2. Er det noko av verksemda til kyrkja partiet meiner bør endrast?
3. Har partiet med noko om Den norsk kyrkja i Vaksdal i sitt valprogrammet?
4. Kor mykje kan de tenkje dykk å løyve til kyrkja sitt driftsbudsjett pr. år i komande periode; mindre, likt eller meir?

Svara dei gav:

Arbeiderpartiet v/Magne Hestad
1. Den samlar oss til høgtid og fest, men er og viktig i kriser og sorg.

2. Sjølv om ikkje bodskapen skal endrast, bør kyrkja prøva å gjera seg meir relevant for folk i det 21. århundre.
Gjev kyrkja svar på samfunnsutfordringane i dagens samfunn lokalt, nasjonalt og globalt? Torer kyrkja å utfordra trendane i samfunnet?
Korleis kan kyrkja spela ei rolle i samfunnsdebatten?
Kva meiner kyrkja i Vaksdal er ei open og inkluderande kyrkje?

3. Ingen kyrkjesamfunn/relgionar er nemnd i vårt program.

4. Vaksdal kommune har store økonomiske utfordringar. Løyvingane til kyrkja vil nok måtte underleggjast dei same økonomiske vurderingane som vil måtte gjerast i høve dei kommunale tenestene.


Høgre v/ Erlend Hesjedal-Johannessen
1. Høgre sin politikk er i stor grad basert på det kristne kulturgrunnlag og norske tradisjonar. Sjølv om Høgre er for religionfridom, og respekt og likebehandling av forskjellige religiøse grupper så har kyrkja ei viktig rolle i partiet, noko som også er slått fast i partiet sin føremålsparagraf.
Kyrkja i Vaksdal har i alle år hatt ei sentral rolle som religions- og kulturbærar, og som samlingsplass for mange av dei viktigaste stundene i livet. Høgre ynskjer at dette også skal vera saka i framtida, samtidig som det skal vera stor takhøgd for andre livssyn i eit stadig meir fleirkulturelt lokalsalfunn.
 
2. Vaksdal Høgre har inntrykk av at kyrkja stadig speler ei viktig rolle i bygdesamfunna. Aktivitetar for born er godt likt, og trusopplæringa er av høg kvalitet.
Ein registrerer likevel at det verkar som at interessa for kyrkja sine aktiviteter, blant anna deltaking ved gudstenester er nedadgåande. For at kyrkja skal vere relevant for den einskilde også i framtida er det viktig at kyrkja tilpassar verksemda slik at den passar inn i samtida, dette bør vere eit pågåande arbeid.
Vaksdal Høgre har nyleg teke til orde for eit opnare og meir inkluderande lokalsamfunn, herunder synleg aksept for ikkje-heterofile samliv. Ein må respektera at prestane i Vaksdal ikkje ynskjer å via likekjønna par, og ordner det slik at andre prestar kan gjennomføra slike vigsler. Samtidig bør kyrkja ta inn over seg at dette vil vera med på å gje signaler om korleis kyrkja ser på homofili, og at dette vil vere med på å forme kva inntrykk oppvoksande generasjonar dannar seg av kyrkja. 
Det same vil og gjelde synet på kvinnelege prestar og homofile prestar, noko dei aller fleste av innbyggjarane i Vaksdal nok vil meine er heilt greitt.
 
3. Ja, Vaksdal Høgre slår fast i valprogrammet at kyrkja skal støttast opp rundt, som ein viktig samlingsstad for religion og kultur.
 
4. Det verkar noko diffust korleis løyvingane vert nytta. Vaksdal Høgre ynskjer å difor invitere til ein dialog med kyrkja, for å forstå meir om korleis pengane vert brukt, før ein tar stilling til dette.


Framstegspartiet v/Boris Groth
1. FrP ser på den kristne kulturarven, vestlige verdiar, og skilje mellom religion og politikk som grunnleggande verdiar i det norske samfunn.
Religionsfriheit er og ein grunnleggande rettigheit for den enkelte.
Kyrkja er og har alltid vore ein viktig del av lokalsamfunna i Vaksdal, og forutan dei reine kyrkjelege handlingar o.l. som ein umiddelbart tenkjer på med kyrkja, så gjer jo kyrkja og t.d. uvurderlig mykje godt borne og ungdomsarbeid i kommunen.
Ei meiningsfull og aktiv fritid for både unge og eldre er og særs viktig for Vaksdal FrP, og me vil gjerne vere med å legge til rette for dette vidare framover.
Vaksdal FrP vil og rullera og oppdatera gjeldande ungdomsplan for Vaksdal kommune, og me tenker det er naturleg at m.a. kyrkja er involvert i arbeidet med ei slik rullering!

2. Alle trussamfunn bør vere uavhengige og sjølv råda over si arbeidsform, organisasjon og forkynning, innanfor rammene av norske lovar, regelverk og normar.
Det er difor ikkje naturleg for Vaksdal FrP å meina for mykje om kva som evt. bør endrast.

3. Me har ikkje konkret nemnd kyrkja i vårt lokalprogram, men FrP er eit liberalistisk parti, som byggjer på Noregs grunnlov, norsk og vestleg kulturarv og tradisjon, og med grunnlag i det kristne livssyn og humanistiske verdiar. Dette vil me verne om!

4. Den årlege løyvinga må vurderast årleg, på lik linje med kommunens øvrige drift, m.a. basert på dei innmelde behova, forslag og råd som kjem frå kyrkja sjølv og rådmannen. Men generelt ynskjer me å ivareta ei forsvarleg god drift, og det bør, til liks som for kommunale bygg, utarbeidast ein plan for å sikre systematisk vedlikehald av kyrkjebygga i framtida.


Kristeleg Folkeparti v/ Bjart-Magnus N Rosvold
1. «Å gløyma sine forfedrar er å vera ein bekk utan kjelde, eit tre utan rot.» (kinesisk ordspråk). Me i Krf ynskjer at kyrkja skal ha ein sentral plass i lokalsamfunna i Vaksdal. Kyrkja som trudomssamfunn og kulturberar er viktig for oss i KrF

2. Krf ynskjer at kyrkja skal halde fram med jamlege gudstenester og tilby seremoniar som dåp, konfirmasjon, giftemål og gravferder som no. Me ynskjer også kyrkja som arena for aktuelle konsertar og andre initiativ frå innbyggjarane, slik kan også kyrkjebygga bli brukt av andre enn dei tradisjonelle kyrkjegjengarane.

3. Ja. Under kultur har Krf Fylgjande: «Krf vil ha eit godt samarbeid med kyrkjeleg fellesråd. Syta for at rådet har økonomi til å utføra sine viktige oppgåver, som naudsynt vedlikehald av kyrkjebygga.»

4. Me står framfor ein krevjande periode i kommunen, der det økonomiske handlingsrommet vil bli mindre og mindre. Samtidig veit me at fellesrådet sitt budsjett er stramt. KrF vil arbeida for at kyrkja i Vaksdal får løyvingar som ligg på dagens nivå.


Senterpartiet v/ Sigmund Simmenes
1. Kyrkja skal sjølvsagt ha sin tradisjonelle plass i lokalsamfunnet. Likevel må også kyrkja tilpassa seg endringar i samfunnet på ein måte som gjer at ein ikkje vert ståande att med ei kyrkje som berre samlar folk til dåp, brudlaup og gravferder.

2. Vanskeleg å gå inn på konkrete ting her. Kanskje også våre prestar bør opna opp for likekjønna vigsler, sidan dette er fullt lovleg i dag, og også er praksis i mange kyrkjer rundt om i landet.

3. Under emnet kultur og fritid seier me: At kyrkja i Vaksdal skal vera open og inkluderande. At kyrkjebygga må få løyvingar som gjer at dei vert ivaretekne.

4. Dette kjem mykje an på korleis den totale kommunale økonomien utviklar seg. Vert det større økonomisk handlerom, bør det sjølvsagt få positivt utslag også for løyvingar til kyrkjelege føremål.


Sosialistisk Venstreparti v/ Kjartan Haugsnes
1. Alle innbyggjarar i kommunen skal ha lik rett til å utøva sitt livssyn innan ramma av menneskerettane og norsk lov. Vi arbeider for ein sekulær stat og kommune med full livssynfridom og i eit mangfaldig lokalsamfunn. Med dette som bakteppe ønskjer SV at kyrkja skal ta mindre plass og ha ei mindre rolle i lokalsamfunnet.
Alle menneske har krav på reell religions- og meiningsfridom. Korkje kommunen eller offentlege institusjonar bør ta stilling i religiøse spørsmål.
SV vil arbeide for eit livssynsope seremonirom i kommunen. Dei fleste vil i livet ha trong for å samle sine næraste i viktige overgangar som fødsel, ekteskap og gravferd. Eit livsynsope seremonirom skal og kunne nyttast som samlingsstad og markeringsstad ved ulukker eller andre hendingar i lokalsamfunnet.

2. Det bør vere eit minimumskrav at Vigsel 2017 og forbønn 2017 vert utført i kyrkjene i Vaksdal av dei som til ei kvar tid er prestar i kommunen. Det er for SV avgjerande at trussamfunn som mottek store summar frå fellesskapet, ønskjer alle menneske velkomen uansett kjønn eller legning.

3. Nei.

4. SV vil ikkje prioritere auke i kyrkja sitt driftsbudsjett 2019 – 2023




Raudt har valt å ikkje sende inn svar då dei ikkje har arbeidd med dette. Dei reknar likevel med at dei er på linje med SV i desse spørsmåla.

Miljøpartiet De Grønne har ikkje sendt svar.

 

Frode Kvamsøe

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"