Jul i kyrkjene i Vaksdal

Det vert ei uvanleg jul i år! Tradisjonar og planar må kan hende endrast på, og ting må gjerast enklare. Frå kyrkja si side må og ting gjerast annleis, til dømes når deg gjeld gudstenestene. Kyrkjekontoret vil verta stengt i jula

 

Smittevern og konsekvensen av dette i julehøgtida.

Me i kyrkja er taksame for at me skal få feira jul i kyrkjene våre. Det er alikevel nokon ekstra hensyn å ta denne jula. Fint om du les og merker deg punktene under

 

  • Det er avgrensa tal plassar grunna omsynet til smittevern.
  • Påmelding på førehand er naudsynt.
  • Send helst SMS, og skriv kven som høyrer til i same kohort.
  • Fylg tilvisingane, både inne og ute, til dei som tek seg av smittevernet.
  • Julegudstenestene vil vare i om lag ein halv time.
  • Det blir ikkje fellessong i kyrkja, me samlast utandørs etter gudstenesta for å
  • Hugs å ha på klede etter vêtilhøva.

 

Gudstenester i jula. (Hugs påmelding)

NESHEIM KYRKJE kl. 12.00. Julegudsteneste ved Edvard Bø, Anton Proskurnin og lokale song- og musikarar. Takkoffer til Kirkens SOS, Bjørgvin.

Påmelding seinast 23. desember til Magnar på tlf: 97 58 83 03. Få plassar att!

STAMNES KYRKJE kl. 12.30 og 13.30. Julegudsteneste ved Frode Kvamsøe og Ruben Gjertsen. Song ved Eirik Straume Normann. Takkoffer til Frelsesarmeen.

Påmelding seinast 23. desember kl. 12.00 til Monica på tlf: 96 20 76 85.

DALE KYRKJE kl. 15.00 og 16.00. Julegudsteneste ved Frode Kvamsøe og Ruben Gjertsen. Song ved Lars Ragnvaldsen. Takkoffer til Kyrkjelydsarbeidet.

Påmelding seinast 22. desember til soknerådet på tlf:  96 62 87 86

VAKSDAL KYRKJE kl. 15.30 og 16.30. Julegudsteneste ved Edvard Bø, Anton Proskurnin m/fl. Takkoffer til Kirkens Nødhjelp.

Påmelding seinast 22.desember til Grete på tlf: 99 26 81 28. 

KYRKJEKONTORET I JULA

Kyrkjekontoret heldt stengt frå 23. Desember til og med 4. Januar. Om du treng å snakke med ein prest, kan du ringe Edvard Bø på telefon 908 40 624.

 

Me i staben på kyrkjekontoret vil ynskja dykk ein riktig god jul!

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"