KYRKJENE I VAKSDAL SINE COVID-19 TILTAK

Det er no opna for forsamlingar for intill 200 deltakarar. Dette har me diverre ikkje anledning til i våre kyrkjer. Bygga er for små til at me kan overhalda reglane om 1 meters avstand. Les meir om sentrale retningslinjer på https://kirken.no/korona. Under fylgjer reglane som gjeld kyrkjene i Vaksdal.

Generelle og spesielle smittevern tiltak for kyrkja i Vaksdal

Etter dei nye reglane frå styresmaktene kan me no opna for fylgjande tal på deltakarar i kyrkjene våre.

Vaksdal kyrkje: 56 personar, Dale kyrkje 72 personar, Stamnes kyrkje 33 personar. Eidsland, Eksingedalen, Nesheim og Bergsdalen 20 personar

Etter pålegg frå sentrale styresmakter vil me registrera dei frammøtte med namn. Dette vil skje på papirlister. Listene vil verta oppbevara i safe, og makulert etter 10 dagar.

Det er krevjande at me enno har relativt strenge restriksjonar på tal på personar som kan møta opp i kyrkjene våre. I fyrste omgang har me vald å løyse dette ved at det er dei fyrste frammøte som kan vere med. Me bed om forståing for dette. I tillegg minner me om:

  • Dei som kan vere koronasjuke, har symptom på luftvegsinfeksjon eller er i karantene kan ikkje ta del.
  • Når ein kjem til kyrkja vaskar alle hendene med anti-bac, som ein finn ved inngangen. Ved nysing/hosting følgjer me dei allmenne smittevernråda.
  • Dei som tek del må halde god avstand, minimum 1 meter, mellom kvarandre. Dette gjeld ikkje dei som er i same husstand. Benkane vil vere merka med omsyn til avstandsregulering.
  • Unngå å ta på flater.
  • Unngå handhelsing og anna fysisk kontakt. Ver særleg merksam på avstanden når ein bevegar seg i rommet. Ved t.d. nattverden og når ein går ut etter gudstenesta må ein unngå kødanning.
  • Ved nattverden vil det ikkje vera fysisk kontakt mellom dei som deler ut og dei som tek imot. Brødet vert lagt i begeret før ein tek imot vinen. Dei som deler ut syter for god handhygiene. Pass på å halde avstand.
  • Ver særleg nøye med hygienen dersom ein nyttar toaletta.
  • Ein finn smitteverninformasjon ved inngangen til kyrkja. Presten vil også orientere om dette ved starten av gudstenesta.

 

Gravferd:

Ved gravferd gjeld same talet på personar som ved gudsteneste. I praksis betyr dette at det berre er dei næraste som kan delta i seremonien. Ein kan likevel ta inn ein del fleire om ein delar inn i kohortar. Gruppene vil bli plassert på tilviste benkar i kyrkjene. Dette lyt planleggast nøye slik at ein kan ivareta både sørgjande og tilsette i gravferdsbyrå og kyrkja. Me vil gjera merksame på at denne typen gravferder lettast kan avhovdast i Dale eller Vaksdal kyrkje. Det er mogleg å ha gravferd i Dale kyrkje, for so å ha sjølve gravlegginga på ein annan gravplass i kommunen. Spørsmål om dette kan stillast direkte til kyrkjeverja på telefon 976 97 562 eller de kan ta det gjennom byrået.

Dåp: 

Me vil tilby dåp, men med same bregranskingar på personar som kan delta. Dette betyr at det i mange tilfelle vil bli tilbudt eiga dåps -gudstjenester. For dei som ynskjer det er det sjølvsagt også mogleg å utsette sjølve dåpshandlinga.

Konfirmasjon: 

Mre reknar med at alle konfirmasjonar går av stabelen til våren. Det vil nok også i 2021 vera behov for at me arrangerere fleire konfirmasjonsgudstenester på sjølve konfirmasjonsdagen. Konfirmantar og konfirmantforeldre vil få informasjon frå oss, og eventuelt verta oppdatert om endringar

Vigsle: 

Me vil også kunne gjennomføra vigsle i tida som kjem. Desse vil vera med same tal  på personar som ved andre kyrkjelege handlingar. Me vil også her opna opp for private seremoniar der ein inviterer og deler deltakara opp i kohortar. Om de ynskjer vigsle kan de kontakta Kyrkjekontoret.

 

Treng du hjelp til noko?

Me er inne i ei tid som for mange kan vera vanskeleg. Om du treng hjelp til noko, er du velkommen til å kontakta oss her på kyrkjekontoret. Om nokon har behov for å snakka med ein prest, er dei tilgjengeleg for samtalar. 

Om det er spørsmål kan ein kontakta kyrkjeverje Bjart-Magnus N Rosvold på tlf: 976 97 562

 

Denne sida vart oppdatert 09/10-2020 klokka 09:00

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"